Rydda åtte sekker med boss frå JektavikaI august fekk kommunen inn ei melding om ei forsøpla strand i Jektavika på Moster. No har Moster Grendautval rydda opp.Etter meldinga i august tok kommunen kontakt med Moster grendautval om dette var noko dei ville hjelpa å rydda opp. Dette ville dei gjerne bistå med, og har i helga rydda åtte sekker med avfall frå den forsøpla stranda i samanheng med strandryddeveka.- Kommunen set stor pris på Moster Grendautval sin frivillige innsats til å rydda opp i dette, seier rådgjevar landbruk, klima og miljø Katrine Strand Sæterbø. Sist endra 24.09.2024 10:02