Revidert hovudplan vatn og avløp 2024-2050 ut på offentleg høyring

Utval for areal og samferdsel vedtok med 6 mot 3 røyster å leggja revidert hovudplan for vatn og avløp 2021-2050 datert februar 2024 ut til offentleg gjennomsyn med heimel i Plan- og bygningslova §11-14. 

Utval for areal og samferdsel vedtok med 6 mot 3 stemmer med heimel i Plan- og bygningslova §11-14 å leggja ut revidert hovudplan for vatn og avløp 2024-2050 datert februar 2024 til offentleg gjennomsyn. Hovudplan for vatn og avløp skal handsamast som ein kommunedelplan i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 11-1 pkt.3. 

Forslag hovudplan vatn og avløp 2024-2050 (PDF, 16 MB)

Framlegg til revidert hovudplan vatn og avløp 2024-2050 (PDF, 182 kB)

Saksframlegg med vedtak revidert hovudplan vatn og avløp 2024-2050 (PDF, 521 kB)

Innkomne merknadar til revisjonen av hovudplanen for vatn og avløp (PDF, 606 kB)

Samandrag av saka

Bømlo kommune har ein eksisterande hovudplan for vatn og avløp som vart vedteken i kommunestyret i 7.12.15 sak PS 91/15. Investeringstiltak i samband med gjennomføring av Bømlopakken på fylkesvegane er prioritert i den nye hovudplanen. Det same er ny vassforsyning frå Åreiddalen til næringsområde i Hovlandshagen. For å sikra vassforsyning til Øklandsvåg er nytt høgdebasseng på Erevikfjellet også høgt prioritert i denne hovudplanen. Kommunedirektøren rår til at hovudplan for vatn og avløp vert utlagt til offentleg gjennomsyn slik han no ligg føre.

Hovudplanen for vatn og avløp for Bømlo kommune vart utarbeidd i 2015 og legg i stor grad føringar for kommunen sine investeringar og drift av vatn- og avløpssektoren. Grunna stadig endrande rammevilkår, er det utarbeidd ein revisjon av den opphavlege hovudplanen for vatn og avløp. Bømlo Vatn og avløpsselskap (BVA) har eitt vassverk som i dag forsyner Bømlo kommune med vatn. Vassverket består av tre vassreinseanlegg: Hollundsvatnet, Åreiddalen og Vorland. I denne hovudplanen er det sett opp målsettingar som skal sikre levering av nok vatn, levering av godt vatn og ein sikker vassforsyning. 

Det er difor føreslått ei rekkje tiltak som skal bidra til å kunne oppnå følgjande hovudmål:
A. Kople saman vassreinseanlegga i Bømlo kommune 
B. Definere Finnåsvatnet som hovud-drikkevasskjelde og Åreiddalen som hovuddistribusjonspunkt 
C. Forbetre distribusjonskapasiteten i leidningsnettet ytterlegare, mellom anna ved å etablere fleire høgdebasseng
D. Auke sikkerheita i vassforsyninga
E. Rehabilitere leidningsnettet, dels ved utskifting av gamle leidningar og dels ved utskifting av vassleidningar og ved etablering av avløpsleidningar
F. Utvide forsyningsområdet ytterlegare
G. Levere tilstrekkeleg vatn til næringsindustri
H. Oppretthalde den gode vasskvaliteten

Avløpsløysingar i Bømlo kommune er i dag ein kombinasjon av private og offentlege leidningar. Dei som ikkje er tilknytte avløpsanlegget som er eigd og drive av Bømlo Vatn og Avløpsselskap (BVA) er rekna som private. BVA har i dag ansvaret for drift og tilsyn av omtrent 20 ulike spillvassutslepp i Bømlo kommune. Av desse er det 4 større utslepp (over 500 pe) med reinseanlegg: Moster KRA, Rubbestadneset KRA, Nesse KRA og Eidesvik KRA. For å eliminere utslepp til innlandsvassdrag og ikkje eigna sjøresipientar med dårleg vassutskifting er det føreslått ei rekkje tiltak som skal bidra til å kunne oppnå følgjande hovudmål:
A. Sanere private utslepp i område med offentleg avløp 
B. Redusere tal på avløpssoner til totalt 4 
C. Utbygging av offentleg avløp i nye område 
D. Rehabilitering av leidningsnett

Merknadar

Eventuelle merknadar til framlegg til hovudplan vatn og avløp vert å senda:

Bømlo kommune
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes

eller 

postmottak@bomlo.kommune.no innan 23.08.2024.

Send inn merknad digitalt

Til toppen