Brustenging onsdag 30.10 kveld/natt

Bømlabrua vert stengd kveld/natt onsdag 30. oktober mellom klokka 22.00-02.00. Litt uvisst kor lenge, men det vert to løft så operatøren reknar med å vere ferdig ca. kl. 02.00. 

Recovery-kurs for livsmeistring

Har du utfordringar men ynskjer positivt påfyll, auka eigeninnsikt og styrka sjølvkjensle samt å bli meir bevisst på eigne ressursar og leve meir i tråd med kva som er viktig for deg? Ny runde med Recovery-kurs startar opp 28. august. 

Kven er kurset for?

Me har alle draumar, ynskjer, og mål for framtida.  Recovery-kurset passar for deg som ynskjer å skape gode kvardagar på tross av utfordringar. Kursdeltakarane må ha eigen motivasjon, være rusfri, kunne delta i ei gruppe (8-10 stk) og gjere enkle heimerefleksjonar.

Kurset tek utgangspunkt i «CHIME-elementa»:

  • Tilhøyrsle
  • Håp
  • Identitet
  • Meining i livet
  • Empowerment/eigenstyrke

Praktisk informasjon

Kurset går over 8 onsdagar med varigheit 4 timar kvar gong. Oppstart onsdag 28.08.2024 kl. 10.30. – 14.30. 
Stad: Nyving, Bankbrekko 22 (Inngang steintrappa ute til Nyving). Kurset har eigendel på 150 kroner. Enkel servering kaffi, te, frukt

Kurshaldarar er Hanne Totland, psykiatrisk hjelpepleiar ved Rus- og psykisk helseteneste i Bømlo kommune og Kjellaug Iversen frå Recovery ressursbase i Helse-Fonna.
 

Påmelding

Kontakt Hanne Totland på 975 89 934 
Send e-post

Du vil bli invitert til forsamtale onsdag 14.8.2024.


 

Til toppen