Planstrategi for Bømlo kommune 2024–2030Kommunestyret vedtok planstrategien i sitt møte 23.09.2024.Ein planstrategi er ikkje ein plan i seg sjølv, men skal syne kva kommunestyret synes er dei viktigaste planane for kommunestyreperioden. Planstrategien bør omfatte ei drøfting av kommunen sitt strategiske val knytt til samfunnsutvikling med ei rekkje undertema. Desse drøftingane gjer Bømlo kommune i samfunnsdelen og kunnskapsgrunnlaga denne baserer seg på, mellom anna Kunnskapsgrunnlag folkehelseoversyn «Bømlo i dag». Planstrategien er utarbeidd parallelt med desse, og alle dei overordna planane utfyller kvarandre og må alltid sjåast i samanheng.Planstrategi for Bømlo kommune 2024–2030 (PDF, 966 kB)Kommunestyret vedtok å justere planstrategien igjen februar 2026.Har du spørsmål, kontakt:Samfunnsplanleggjar Alf Helge GreakerTlf: 904 09 246Send e-post Sist endra 28.10.2024 08:19