Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Overordna kommuneplan i formannskapet

Status og vidare framdrift for kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) og arealdel (KPA) var drøftingstema for formannskapet torsdag 3. oktober. Planane nærmar seg utsending til offentleg høyring.

møte med orientering på storskjerm - Klikk for stort bileteStyringsgruppa for arealdelen i kommuneplanen (KPA) tok for seg framdrifta vidare. Simon Knutsson Sortland

Møteinnkalling og protokoll formannskapsmøtet 3.10.2024

Fagansvarleg arealplan Renate Torkelsen orienterte om status og om at lista over motsegner no er klar. Arbeidsgruppa er klar for å gå gjennom andre silingsrunde, og ordførar Morten Helland som er leiar for arbeidsgruppa fekk medhald i sin plan for vidare framdrift i arbeidet. Kva tid det vert ny offentleg høyringsrunde for KPA er enno ikkje bestemt.

Samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker svara på spørsmål om signaler og avklaringar som er kome inn i samband med KPS. Dette er kommunen sin heilskaplege plan som er styrande for utviklinga, også i høve KPA. Etter planen skal formannskapet vedta å leggja KPS ut til offentleg høyring den 28. oktober.

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter hadde i si orientering om status på drift og økonomi også med litt om kva kva planar ein no jobbar med. Mellom anna ei eventuell samlokalisering av Bremnes legesenter og Øyane helsehamn i deira nye lokaler, noko som vil frigjere plass ved Bømlo bu og helsesenter (BBH). Vidare bad han om styringssignal i samband med renovering og ombygging av kjøkenet på BBH. Det vert også arbeida vidare med kontorlokale for Barne- og familietenesta, sjølv om investeringsbudsjettet for 2025 truleg må takast ned. 

Fleirtalet i formannskapet innstiller kommunestyret til å støtta ei selskapsendring for Karmsund Havn frå IKS (interkommunalt selskap) til AS (aksjeselskap). Dei innstiller også positivt til kommunestyret om å vedta nye retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldige drikkevarer. Retningslinjene fekk skryt då dei virkar meir næringsvenlege og praktiske enn gjeldande retningslinjer. Formannskapet bad og om å få ei sak om ein alkohol og ruspolitisk handlingsplan. 

Grunna Bømlopakken så er Hope, Holme og Vika plasser som nyevegen (adresseparsellen) går utanom. Innstillinga var at desse vegparsellane får nye adressenamn Hopavegen, Holmevegen og Vikavegen. Etter framlegg frå H vedtok formannskapet mot Sp si røyst samrøystes at namna vert Hopevegen, Holmevegen og Vikavegen. 

Til toppen