I siste møte før ferien behandla kommunestyret revidert budsjett. I sak 35/24 Budsjettrevisjon 1. halvår 2024 vart følgjande vedteke i punkt 2.:
(…) Kommunedirektøren får mandat til å setje i gong ein prosess tidleg hausten 2024 for å greie ut aktuelle endringar i skulestruktur.
Kommunedirektøren varslar med dette oppstart av arbeidet med ny skulebruksplan og revisjon av lokal forskrift om skulekrinsgrenser.
Bakgrunn
Sidan førre skulebruksplan har elevtalet i Bømloskulen falle med over 100 barn. Nedgang i tal barn held fram og fører til mindre pengar frå staten. Skulane merkar også aukande rekrutteringsutfordringar når det gjeld kvalifiserte lærarar. Dette, kombinert med ei for dyr kommunal drift generelt, tilseier ei vurdering av korleis grunnskuletilbodet er organisert.
Sist skulebruksplan vart utarbeidd i 2021 og handsama politisk våren 2022. Med utgangspunkt i førre plan vil det vere mogleg å oppdatere talgrunnlag og vurderingar i løpet av hausten 2024, slik at dette vert eit beslutningsgrunnlag i budsjettprosessen.
Tidsplan
- Juni/juli: Oppstart av planarbeidet
- 03.09: Informasjon om planarbeidet i utval for levekår
- Sak i arbeidsmiljøutvalet (AMU) første møte i haust
- August/september: Administrativt arbeid med planen
- 01.10: Informasjon om planarbeidet i utval for levekår
- 04.10: Sende utkast til plan på høyring
- Høyring frå 04.10 til 15.11 (6 veker), medverknad i rådsorgan, informasjonsmøte
- 02.12: Vedtak i kommunestyret
Medverknad
For at medverknadsprosessane skal bli gode i den varsla høyringsperioden i oktober/november kan det vere lurt å planlegge møte i elevråd, skulemiljøutval, FAU, osv allereie no. Det vil også bli invitert inn til eit felles informasjonsmøte om planutkastet i denne perioden.
Har du spørsmål om planen? Ta kontakt med:
Kristine Sætre
Skulefagleg rådgjevar
E-post: kristine.saetre@bomlo.kommune.no