Oppmoda til betre debattklima

Nestleiar Karl Magnus Tollaksvik og Kristoffer Yndesdal frå Bømlo ungdomsråd fekk ordet i kommunestyret måndag der dei løfta uro for eit hardare debattklima. Oppmodinga gjekk til både innbyggjarar og folkevalde om å bidra til ein meir respektfull samtale, ikkje minst i sosiale medium. - Bruk gjerne #ordetfangar, understreka dei to.

to gutar på talarstol og menn og kvinne på podium ved sida av - Klikk for stort bileteNestleiar Karl Magnus Tollaksvik og Kristoffer Yndesdal i Bømlo ungdomsråd oppmuntra ordførar Morten Helland og varaordførar Ragnfrid Sønstabø saman med resten av kommunestyret å vera ei positiv motkraft i kommentarfelt på sosiale medium. Simon Knutsson Sortland

I starten av kommunestyremøtet måndag fekk ungdomsrådet ordet for å setja søkjelys på korleis folk snakkar til kvarandre i sosiale medium. Dei peika på at dei opplever meir hets og hard språkbruk i kommentarfelt, og at dette ikkje berre er eit nasjonalt fenomen, men også noko som kan merkast lokalt.

Særleg oppmoda dei vaksne, folkevalde og andre førebilete om å ta ansvar for debattklimaet, også utanfor møtesalen. Ungdomsrådet sitt bodskap var at fleire bør gripa inn når tonen blir for hard, og at alle kan bidra til eit meir sakleg og respektfullt kommentarfelt. Dei løfta fram prosjektet «Ordet fangar», og oppmodar folk til å bruka emneknaggen #ordetfangar i kommentarfelt. 

- Målet er å gjera fleire merksame på korleis ord og formuleringar verkar. Tonen i debatten har betydning for om folk kjenner seg trygge nok til å delta. Me må sjølvsagt ha rom for usemje og diskusjon, men personangrep, nedsetjande kommentarar og hatefulle ytringar ikkje høyrer heime i den offentlege samtalen. Ein uforsonleg tone kan få følgjer, særleg for unge, ved at fleire trekkjer seg unna eller let vera å seia meininga si. Slik vil me ikkje ha det på Bømlo, understreka Tollaksvik og Yndesdal.

Sjå heile kommunestyremøtet på kommune-TV

Endra ikkje syn på Montessori-uttale

Vidare var det spennande orienteringar frå Invest in Sunnhordland ved Ingrid Esperø og Gunnar Tinjar om prosjekt «Rein kraftproduksjon på Bømlo", eit kunnskapsgrunnlag for tematisk revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Esperø peika på at næringslivet ikkje kjenner kommunegrenser, og at me må sjå verdikjedane i samanheng for å styrka heile Sunnhordlandsregionen samla. Tinjar understreka at Bømlo bør konsentrera seg om kva dei kan få til sjølv når det gjeld rein kraftproduksjon.

mann på talarstol og folk på podium - Klikk for stort bileteJoar Nesse i VI-partiet hadde motforslag og villa ha positiv uttale frå kommunestyret til søknad om Foldrøy Montessoriskule. Framlegget vart nedstemt av fleirtalet her representert av ordførar og varaordførar med 11 mot 16 røyster. Simon Knutsson Sortland

Komunestyret hadde berre ei politisk sak utanom valsaker på dagsorden då saka om organiseringa av barnevern vart utsett i Utval for levekår. Dette var vedrørande uttalen frå Bømlo kommunestyre til Utdanningsdirektoratet om konsekvensar for kommunen i samband med søknaden om å etablera Foldrøy Montessoriskule. Foldrøy Montessoriskule AS har på ny søkt Utdanningsdirektoratet om godkjenning etter privatskulelova etter tidlegare å ha fått avslag. Den nye søknaden gjeld ein grunnskule med 55 elevplassar på 1.–7. trinn på Foldrøy med oppstart hausten 2027 dersom søknaden blir godkjend, 

Møteinnkalling og protokoll kommunestyret 04.05.2026

Joar Nesse frå VI-partiet fremja eit alternativt framlegg til uttale der kommunestyret stiller seg positiv søknaden. Debatten gjekk langs kjende skiljelinjer og ved avrøystinga fell VI-partiet sitt framlegg med 11 mot 16 røyster. Det vart støtta av Frp, Senterpartiet og Konservativt.

Nye i leiargruppa

I si orientering var kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter glad for å kunne opplysa om at verksemdsleiar ved Bømlo bu- og helsesenter Monica Smedsrud frå 1. september tek over som kommunalsjef for helse og omsorg etter Kjell Magnar Mellesdal som vert pensjonist. - Me gler oss over å ha funne ein svært god erstattar for ein svært god kommunalsjef. 

tre menn og ei kvinne sit ved bord - Klikk for stort bileteØkonomisjef Sindre Anders Halvorsen deltok på sitt første kommunestyremøte 4. mai. Her flankert av kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter (t.v), kommunalsjef helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal og kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer. Simon Knutsson Sortland

Nytt tilskot i kommunedirektøren si leiargruppe er også ny økonomisjef Sindre Halvorsen som erstattar Jarle Nakken som nyleg pensjonerte seg. Halvorsen deltok på sitt første kommunestyremøte måndag, og vil gradvis ta over det praktiske ansvaret for å rapportere på økonomi i dei politisk møta. Vidare orienterte kommunedirektøren om at kommunen har dialog med konsulentselskapet PWC om korleis me kan få ekstern bistand for svare ut interpellasjonen i kommunestyret 23. mars vedrørande drifta ved seksjon for samfunnsutvikling. PwC har kome med framlegg til løysing som svarar ut delar av interpellasjonen. Den politiske saka skal svare ut resten. 

- Me vil no leige inn byggesaksressursar for å unngå ytterlegare forseinkingar i byggesaker, samt betre servicen for innbyggjarar og næringsliv. Det er utlyst og planlagt tilsetting i to faste stillingar, samt eventuelt  vikariat for å erstatte langtidsfråvær, opplyste Aga Gjøsæter.

Gode skattetal

Driftsrapporten til og med mars viser eit samla mindreforbruk på 3,5 millionar kroner. Resultatet kjem i hovudsak av høge skatteinntekter på 9,1 millionar kroner og flyktningmidlar på 4,3 millionar kroner. Me ventar at desse inntektene vil liggje på budsjett ved utgangen av året. Den ordinære drifta har samstundes eit meirforbruk på om lag 10 millionar kroner. Helse står for det meste av avviket, med eit meirforbruk på 8,1 millionar kroner. Auka kostnader i institusjonstenesta, knytt til brukar­behov, skjerma eining og sjukefråvær, pressar drifta ut over rammene. Dette blir ei viktig utfordring i arbeidet med revidert budsjett. Prognosen per mars viser eit venta meirforbruk på 11,4 millionar kroner for året. Avvika ligg hovudsakleg i seksjon for helse og seksjon for samfunnsutvikling. Det er sett i verk tiltak i fleire verksemder for å redusera avviket.

Investeringar og beredskap

Orienteringa tok vidare for seg investeringar og beredskap og ROS-analyse. Ved Våge skule held planlegging og prosjektering fram, og Nordplan vurderer moglegheita for Enova-midlar til moglegheitsstudium for energivennlege løysingar. Ved BBH er kjøkkenet ferdig, teke i bruk, og formannskapet blir invitert til omvising i neste møterunde. Kommunen jobbar vidare med samlokalisering for barne- og familietenesta når vedtak er gjort i barnevernssaka, mellom anna fordi det er meldt fleire avvik ved eksisterande lokale. Ordførar, kommunedirektør og planavdelinga hadde møte med tiltakshavarane til Busthorn 9. april om status, Statsforvaltaren sitt vedtak og mogleg veg vidare. Saka ligg no hos tiltakshavarane.

Det blir òg vurdert løysingar for tak over tenestebilar ved BBH, der alternativ ved Salamonskogen blir trekt fram som truleg rimelegare og betre enn å endra dagens parkeringsløysing. I Kulleseidkanalen er stigar på plass for tryggare tilkomst ved småbåt. Samstundes går fleire bustadprosjekt vidare: «Sokkelen» ved BBH (14 omsorgsbustader) nærmar seg konkurranse, Teiglandshagen/Moster er i reguleringsfase med skisseprosjekt (forsterka skjerma plassar og omsorgsbustader), og ved Bømlo omsorgstun er det samarbeid om utvikling av innhald/aktivitetar og 14 bustader i tun-løysing. Det skal også skisserast løysing for bustader til personar med låg buevne ved tomt ved Haugen bufellesskap, og konkurranse for pasientvarslingsanlegg er sett i gang med tilbodsfrist 29. mai.

mann på talarstol med kart på storskjerm - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland orienterte om status og framdrift av KPA, kommuneplanen sin arealdel, i kommunestyret. Simon Knutsson Sortland

Kommunen har fått gjennomført/førebudd ei heilskapleg ROS-analyse som skal brukast i førebygging, beredskapsplanlegging, arealplanlegging og prioritering av tiltak. I årets første kommunalt beredskapsråd 17. april deltok Jonas Sayed (Stortinget si forsvarskomité) digitalt med orientering om tryggleikspolitisk situasjon og forventningar til kommunane. Geir Inge Davidsen (PST) orienterte om nasjonale risiko- og trusselvurderingar. 

KPA på 2. gongs høyring

Kommunedirektøren avrunda si orientering om at rapporten frå konsulentselskapet PwC vil bli offentleggjort onsdag 6. mai kl. 15.00. Han forventar at det i rapporten vil kome framlegg til tiltak som vil vekke reaksjonar både hos tilsette og innbyggjarar. Det er viktig å understreke at rapporten skal vere eit kunnskapsgrunnlag og at vedtak om endring eventuelt blir gjort av kommunestyret etter ein ordinær politisk prosess.

Ordførar Morten Helland orienterte om framdrift for fullføringa av revidert Bømlopakke 2 og opplyste at det ser ut til å vere dekning for å fullføra prosjektet fv. 541 Hestaneset–Sakseid–Ekornsæter etter plan. Han rosa fylkeskommunen, prosjektleiing og Trafikksikringsutvalet på Våge for korleis konkurs, sikringsarbeid og den nye entreprenøren B45 Anlegg kom på plass.  slik at det vart berre eit par månaders forseinking for å fullføra vegen.

- Det har vore ein omfattande jobb med planvask av kommuneplanen sin arealdel, KPA, men planen vert sendt ut til 2. gongs høyring 3. september i år, opplyste ordføraren. Han orienterte om korleis innbyggjarar vil bli informerte med planar om folkemøter i dei fem delsentra våre.