Opna Innbyggjartorget i biblioteket

- Å bli sett, høyrt og hjulpen er grunnleggjande behov me har. Når me no opnar nytt Innbyggjartorg her i biblioteket er det ein ny og betre måte å møte innbyygjarane våre på enn i kundetorget på rådhuset, sa ordførar Morten Helland i opningstalen sin måndag 14. oktober.

mann ved mikrofon og snor - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland stord for opninga av det nye Innbyggjartorget i Bømlo folkebibliotek. Simon Knutsson Sortland

Ordføraren meiner ogå at Innbyggjartorg er eit betre namn enn kundetorg, og dei bibliotektilsette møter innbyggjarane våre heile tida - i eit triveleg miljø. Med gode rutinar på rådhuset, og assistanse frå konsulent Silje Eriksen Oldereide frå Fellessekretariatet vil det bli ein smidig overgang. Helland peika på at nye tider krev nye løysingar for drift både på rådhuset og biblioteket.

- Inbyggjartorget vil få lengre opningstider og slik sett kunne yte betre service. Eg er trygg på at innbyggjarane våre er i dei beste hender her og vil få god hjelp av dei bibliotektilsette til å få hjelp med det dei treng. Me i politisk leiing vil og understreka at me vil vere opne og tilgjengeleg for besøk på rådhuset framover også, seier ordføraren.

Han klypte snora og erklærte Innbyggjartorget for offisielt opna. Etterpå var det marsipankake og kaffi for dei frammøtte. 

Lengre opningstider - betre service

Bakgrunnen for flyttinga er at også rådhuset må rasjonalisera og effektivisera drifta. På same måte som me flytta ned turistinformasjonen, vil me no få ein betre møteplass mellom innbyggjarane våre og kommunen sine daglege tenester. Biblioteket er betre universelt utforma og meir tilgjengeleg enn Rådhuset og her kan ein treffast over ein kopp kaffi.

- Dei tilsette på biblioteket vil kunne rettleia deg om kommunale tenester og visa deg til rette personar i kommunen. Me vil svara så godt me kan på alle spørsmål, men me er ikkje fagpersonar som skal drive sakshandsaming. Her kan du få skjema både på papir og digitalt, og heilt praktiske ting kan me hjelpa med som til dømes utskrifter og liknande, seier biblioteksjef Astrid Drevland.  

Opningstidene blir:

  • Måndagar klokka 12:00-16:00
  • Tysdag – Torsdag klokka 12:00-18:00
  • Fredag klokka 12:00-15:00

Bømlo kommune sitt telefonnummer - Sentralbord/Innbyggjartorg 53 42 30 00

I ein innkøyringsperiode vil også konsulent Silje Eriksen Oldereide frå fellessekretariet vere tilstades og bistå dei bibliotektilsette. Innbyggjartorget vil ha same skranke som Sørviskiosken til biblioteket. Det er også to skjermar montert opp for å opplyse publikum om opningstider og anna kommunal informasjon.

Ting time hos sakshandsamar

- Teknisk kundetorg sluttar med drop-in som før var tilgjengeleg i Kundetorget. No har me fått på plass eit digitalt system for å tinga timar med sakshandsamar på nettsida vår. Det vil også bli utplassert ein skjerm utanfor Teknisk kundetorg der du også kan tinga timar. Ved at både innbyggjar og sakshandsamar får betre tid til å førebu seg kan desse møta verte både meir effektive og betre, fortel avdelingsleiar Lise Notland ved seksjon samfunnsutvikling.

Avtal time - sakshandsamar

Til toppen