Viktige datoar i år
7. oktober - Statsbudsjettet
Statsbudsjettet 2027 blir lagt fram av regjeringa onsdag 7. oktober 2026 kl. 10.00. Enkelte nøkkeltal blir publiserte frå kl. 08.00 same morgon.
26. oktober - Kommunedirektøren sitt budsjettframlegg 2027
Kommunedirektøren presenterer budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 for kommunestyret
26. november - Formannskapet handsamar kommunedirektøren sitt budsjettframlegg
Formannskapet innstiller budsjettforslag til kommunestyret. Formannskapet legg formelt ut budsjettframlegget til offentleg høyring fram til budsjettmøtet i kommunestyret.
14. desember - Budsjettmøte i kommunestyret
Kommunestyret handsamar og gjer vedtak for budsjettet 2027 og økonomiplan 2027-2030
I mellomtida kan du sjå denne korte animasjonsfilmen om status i dag og kva som ventar oss.
Kvart år utarbeider kommunedirektøren forslag til budsjett og økonomiplan for Bømlo kommune. Budsjettet viser korleis kommunen planlegg å nytte ressursane sine det komande året, medan økonomiplanen viser prioriteringar og økonomiske utsikter for dei neste fire åra. Kommunestyret gjer vedtak i sitt siste møte i midten av desember. På denne sida finn du all informasjon om ulike steg i budsjettprosessen, viktige dokument og politisk behandling. Det er planlagt ulike informasjonspunkt og -møte for innbyggjarane. Denne sida vert fortløpande oppdatert med ny infomasjon ved dei ulike milepålane.
Sjå Slik lagar me budsjett i Bømlo kommune