Offisiell vegopning på Moster 10. juni

- Det har gått litt seinare enn forventa, men no kan me ynskja alle velkomen til offisiell vegopning for Notland-Mosterhamn-prosjektet den 10. juni, inviterte prosjektleiar John Nordseth Nesse då han orienterte om revidert Bømlopakke II i kommunestyremøtet måndag kveld.

vegarbeid i sentrum - Klikk for stort bileteOrientering om ferdighstiolling Notland-Mosterhamn i kommunestyret. Bømlo kommunetv

Det er god framgang i siste del av Bømlopakken, og arbeidet byrjar syne godt att i terrenget. Prosjektleiar John Nordseth Nesse redegjorde kort om bakgrunnen for saka om takstendring for å oppnå gjennomsnittsakst i Bømlopakken 2025 kjem opp. Han synte modelleringar og videoar frå traseen Hidle-Ekornsæter, og reknar med dei skal klare å få utløyst også siste opsjon slik at heile pakka vert fullført.

Kommunestyret slutta seg mot ei røyst at Vestland fylkeskommune gir fullmakt til Ferde om å kunne søkje Vegdirektoratet om takstendring for å oppnå gjennomsnittstakst i Prop.2 S (2021-2022) for 2025 i Bømlopakken. Kommunestyret sluttar seg ikkje til at Vestland fylkeskommune gir fullmakt til Ferde om årleg å kunne søkje Vegdirektoratet om takstendring for å oppnå gjennomsnittstakst i Prop. 2 S (2021-2022) i innkrevingsperioden 2026-2037 i Bømlopakken. 

Skal ein seinare auke opp til gjennomsnittstakst må det kome ei ny sak til kommunestyret. 

VIP ved Joar Nesse føreslo å leggje til 15-minuttars regel ved bomringen på Spissøy m.a grunna dårleg korrespondanse i kollektivtrafikken. Det vart ikkje vedteke med 17 mot 10 røyster.

Det er Vestland fylkesting som gjer endeleg vedtak i saka. 

Sjå arkivsending frå kommune-tv

Unngår ROBEK-lista

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte om den økonomiske stoda i kommunen. Samla underskot siste to år er 2,88% av driftsinntektene. Kommunen blir følgeleg ikkje ROBEK registrert som følgje av samla underskot som overstig 3% som varsla i førre kommunestyre. Det er positivt at driftsrapporten for januar syner eit mindreforbruk på 1,2 millionar kroner. Skatteinngangen fram t.o.m. februar er på 66,1 millionar kroner. Dette utgjer ein auke på 7,37% (108,2% avskatteinngangen per innbyggjar per no) .Landsskatteveksten er berre på 2,8%, noko som medfører at kommunen må gi frå seg kr 3,8 mill. i inntektsutjamning. Samla skatt og inntektsutjamning har difor berre ein vekst på 3,6% og kommunen ligg kr 1,54 mill. etter budsjettert skatt og inntektsutjamning.

 Vidare vart det orientert om at kjøkken BBH/renovering og ombygging har anbodsopning 25. mars. TØRN-prosjektet ved BBH vert vidareført ut 2025, og kommunen har skifta leverandør av velferdsteknologi frå Atea til Careium. Ordføraren orienterte også kort om møte iSunnhordlandsrådet, beredskapsøving i regi av Statsforvaltar og felles formannskapsmøte for Sunnhordland.

Detaljregulering for bustadområde Strandavegen 101/226 m.fl. vart samrøystes vedteke.