Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Nytt Innbyggjartorg i hovudbiblioteket

Måndag 14. oktober opnar Bømlo kommune sitt nye Innbyggjartorg i Bømlo folkebibliotek. - Lengre opningstider og difor betre service er bakgrunnen for at me no flyttar kundetorget frå rådhuset og ned til biblioteket, seier personalsjef Vanja Espeland. 

to menn og tre damer bak ein sørviskiosk - Klikk for stort bileteInnbyggartorget vert flytta til Bømlo hovudbibliotek. Her møter du Øystein Kausrud, Ingrid Leithaug Mjanger, Silje Eriksen Oldereide frå fellessekretariatet, Ingolf Østervold Grønstøl , Ingvill Ellingsen Sagvaag og biblioteksjef Astrid Drevland. Simon Knutsson Sortland

Bakgrunnen for flyttinga er at også rådhuset må rasjonalisera og effektivisera drifta. På same måte som me flytta ned turistinformasjonen, vil me no få ein betre møteplass mellom innbyggjarane våre og kommunen sine daglege tenester. Biblioteket er betre universelt utforma og meir tilgjengeleg enn Rådhuset og her kan ein treffast over ein kopp kaffi.

Lengre opningstider - betre service

- Dei tilsette på biblioteket vil kunne rettleia deg om kommunale tenester og visa deg til rette personar i kommunen. Me vil svara så godt me kan på alle spørsmål, men me er ikkje fagpersonar som skal drive sakshandsaming. Her kan du få skjema både på papir og digitalt, og heilt praktiske ting kan me hjelpa med som til dømes utskrifter og liknande, seier biblioteksjef Astrid Drevland.  

Opningstidene blir:

  • Måndagar klokka 12:00-16:00
  • Tysdag – Torsdag klokka 12:00-18:00
  • Fredag klokka 12:00-15:00

Bømlo kommune sitt telefonnummer - Sentralbord/Innbyggjartorg 53 42 30 00

I ein innkøyringsperiode vil også konsulent Silje Eriksen Oldereide frå fellessekretariet vere tilstades og bistå dei bibliotektilsette. Innbyggjartorget vil ha same skranke som Sørviskiosken til biblioteket. Det er også to skjermar montert opp for å opplyse publikum om opningstider og anna kommunal informasjon.

Ting time hos sakshandsamar

- Teknisk kundetorg sluttar med drop-in som før var tilgjengeleg i Kundetorget. No har me fått på plass eit digitalt system for å tinga timar med sakshandsamar på nettsida vår. Det vil også bli utplassert ein skjerm utanfor Teknisk kundetorg der du også kan tinga timar. Ved at både innbyggjar og sakshandsamar får betre tid til å førebu seg kan desse møta verte både meir effektive og betre, fortel avdelingsleiar Lise Notland ved seksjon samfunnsutvikling.

Avtal time - byggesak

Markering i biblioteket

Måndag 14. oktober vil me markera overgangen til nytt Innbyggjartorg. Ordførar Morten Helland vil stå for den offisielle opninga kl. 12.00, og det vert både kake og kaffi.

Til toppen