Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Ny kommunalsjef og rektor på plass

Torunn Laurhammer, Bømlo kommune sin nye kommunalsjef for oppvekst kultur og idrett, ynskjer velkomen vår nye rektor ved Moster skule, Joakim Lund. 

mann og kvinne utfor rådhustrappa - Klikk for stort bileteNytilsett rektor Joakim Lund ved Moster skule og nytilsett kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.

Frå 1. august byrja haugesundaren Joakim Lund (46) i jobben som rektor ved Moster skule.  Lund har variert erfaring som avdelingsleiar og rektor frå både vidaregåande skule og grunnskulen (både 1-7 og 1-10) i Rogaland. Han kjem frå stillinga som oppvekstsjef og rektor i Utsira kommune. Lund er utdanna biletkunstnar, men gjekk vidare inn i skuleverket. Han har kjøpt seg ny el-bil då han kjem til å pendla fram og tilbake no i byrjinga.

Naturskule

- Eg tok med meg alle elevane frå Utsira skule til å sjå “I slik ei natt” under 1000-årsjubileet, og me kom rett frå eit 100-årsjubileum der, så det går oppover, ler den joviale haugesundaren. Moster og Bømlo er ein flott plass med mykje kjekke folk som har gitt meg eit godt inntrykk. 

Lund påpeikar Moster skule si fine plassering i omgjevnadar som inviterer til naturskule. Han tek no i ferd med si første oppgåve som er å bli betre kjend med arbeidsgivar og kollegaer før den viktige jobben med å bli godt kjend med elevar og foreldre.

Topp motivert

Tysdag møtte Lund sin nye sjef Torunn Laurhammer, nytilsett kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett. Laurhammer har lang røynsle frå skuleverket i Bømlo. Ho gjekk frå avdelingsleiarstillinga ved Bremnes ungdomsskule for å bli rektor for den nystarta Stord folkehøgskule for tre år sidan. Laurhammer har også lang politisk røynsle frå kommunalpolitikken i kommunestyre og formannskap. 

- Det er veldig kjekt å kome tilbake til Bømlo kommune og få jobba med mange flinke folk eg har jobba med før, og ikkje minst mange nye. Det er mykje nytt å setje seg inn i ein særs spennande og krevjande jobb. No jobbar eg med å få god kontakt med alle verksemdene som sorterer under meg.

Laurhammer seier ho er topp motivert føre ein særs krevjande haust der kommunen må jobbe med endringar, noko som alltid er veldig utfordrande.  Ho er oppteken av at dette vert gjort på ein så god måte som mogleg, og vonar på eit godt samarbeid med alle.

- Eg synest det er veldig kjekt å jobba i Bømlo kommune, avrundar kommunalsjef Laurhammer.

Til toppen