På mobil eller skjerm får du no sanntidsdata om vind og framkomelegheit på bruer i Noreg.
Tore Trøiel Hansen
Den nye løysinga gir sanntidsdata frå rundt 40 bruer i landet. For Bømlo betyr dette betre oversikt for alle som pendlar, køyrer tungtransport, eller er avhengige av trygg framkomelegheit over Bømlabrua og Stordbrua.
I den nye visinga kan du sjå:
- gjeldande vindstyrke på brua
- om brua er open, stengd eller står i fare for å stengja
Betre tryggleik og føreseielege reiser
Dette kan gjera det lettare å unngå forseinkingar og uventa stopp. Tidlegare har informasjon om vind berre vore tilgjengeleg på skilt ved brua. Med sanntidsdata kan du sjekka forholda før du set deg i bilen. Statens vegvesen peikar på at mange har etterspurt denne funksjonen, særleg dei som er avhengige av bruene i kvardagen. Løysinga skal gjera det enklare å ta gode val og planleggja reisa.
Du kan sjå sanntidsdata her:
I appen kan du leggja til både Bømlabrua og Stordbrua som favorittar. Då får du rask oversikt over status, og du kan velja å få varsel når bruene opnar eller stenger.
Følg vindstyrke og framkomelegheit på Bømlabrua i sanntid.
Skjermdump Statens vegvesen
(Pressemelding: Statens vegvesen)