Ni av ti unge bømlingar seier at dei har eit godt liv

Ungdata-undersøkinga syner at dei aller fleste har det bra. Færre er einsame og det er ikkje auke i  psykiske plager. Samstundes er mobbetala høge og det er nedgang i skuletrivsel.

to ungdomar og mann ved busk foran rådhus - Klikk for stort bileteLeiar Bjarte Notland Tjensvoll og nestleiar Hannah Oliva Høgmo Breivik saman med SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter (t.h) i Bømlo kommune. Simon Knutsson Sortland

- Det er veldig bra at det er så mange som opplev at dei har det bra. Samstundes må me ikkje gløyme dei som kjenner seg einsame, mobba osb. Me oppmodar til at me må ta ekstra vare på kvarandre og sjå kvarandre, seier leiar Bjarte Notland Tjensvoll og nestleiar Hannah Oliva Høgmo Breivik i Bømlo ungdomsråd.

Høg livskvalitet

Eit fleirtal av unge på Bømlo rapporterer om høg livskvalitet. Dei aller fleste synest sjølve at dei har eit bra liv og ni av 10 har ein fortruleg ven. Dette går fram av Ungdata-undersøkinga. 

Ungdata er lokale barne- og ungdomsundersøkingar der skuleelevar over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det og kva dei driv med på fritida. På Bømlo vart undersøkinga gjennomført i vinter. I overkant av 1100 elevar på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande svarte på undersøkinga.

Mykje positivt

Det er færre unge som kjenner seg einsame på Bømlo. Nasjonalt ser ein at auken ein har sett i psykiske helseplager har flata ut, og i nokre aldersgrupper gått ned. Dette ser me også i resultata frå Bømlo. 

Eit gjennomgåande funn i Ungdata-undersøkinga er at dei aller fleste vurderer livet sitt som bra, og at dei er nøgde med livet. Eit fleirtal av elevane er også einige i utsegna om at dei har alt dei ynskjer seg i livet. Likevel er det viktig å vere merksam på at det er ein del barn som ikkje meiner at livet er bra. Ni av 10 unge på Bømlo svarte i undersøkinga at dei har ein fortruleg ven, som dei kan stole heilt på  og snakke med om alt mogleg. Samstundes må me vere merksame på dei om lag 10% barn og unge som svarar at dei ikkje trur at dei har vener. 

Dei fleste oppgir at dei er nøgde med helsa si. Når det gjeld psykisk helse ser me at auken i sjølvrapporterte psykiske helseplager har flata ut, og på fleire område har det vore ein nedgang. Det er også langt færre barn og unge på Bømlo som svarar at dei kjenner seg einsame.  Dei fleste svarar også at dei har nokon å snakke med om triste og vanskelege ting. 

- Det er mykje positivt i desse tala, seier John Henrik Staveland Sæter, SLT-koordinator i Bømlo kommune. 

Ungdata syner at dei aller fleste barn og unge har delteke i eller vore innom ulike typar organiserte fritidsaktivitetar gjennom oppveksten. Resultata frå Bømlo syner at det er fleire på mellomtrinnet som deltek i organiserte fritidsaktivitetar no enn tidlegare. Deltakinga i organisert aktivitet har ikkje teke seg opp igjen etter pandemien på ungdomstrinnet og vidaregåande. 

Høge mobbetal og nedgang i skuletrivsel

Det er generelt høge mobbetal både nasjonalt og lokalt. Nasjonale tal frå Ungdata-undersøkingane syner at mobbetala aldri har vore høgare sidan målingane starta. På landsbasis opplev om lag åtte prosent jamleg å bli plaga, utfrosen eller truga av andre unge.

På Bømlo syner resultat frå Ungdata-undersøkinga at det har vore ein liten jamn auke i prosentdel elevar på mellomtrinnet som har blitt stengde ute, plaga eller truga av andre barn minst kvar 14. dag. 13% av elevane på mellomtrinnet på Bømlo svarte at dei har opplevd dette, mot 12% i 2021. Dette er over landssnittet på 11%. På ungdomstrinnet svarte 15% av gutane og 8% av jentene at dei har blitt utsett for plaging, trugslar eller utfrysing av andre unge på skulen eller på fritida minst kvar 14. dag. Samla sett er det 12% av ungdomsskuleelevane som rapporterer om dette. Det er ei dobling sidan 2021, då det var 6%.

Ungdata-resultata for Bømlo syner at dei fleste elevane trivst på skulen. Likevel er det ein nedgang i skuletrivsel samanlikna med førre undersøking. Det er også færre som er nøgde med skulen dei går på. Dette gjeld både på mellomtrinnet, ungdomstrinnet og på vidaregåande skule. 

Sit meir framfor skjermen 

Skjermbaserte aktivitetar har stor plass i ungdomstida. Nasjonalt ser ein at prosentdelen unge som brukar minst tre timar dagleg framfor ein skjerm har gått opp sidan 2015. Auken heng saman med at stadig fleire brukar mykje tid på sosiale medium. Det er også store kjønnsforskjelar i unge sine skjermaktivitetar. Medan gutar er mykje meir opptekne av spel, er jenter oftare på sosiale medium. 

Dette ser me også på Bømlo. Unge på Bømlo sit meir framfor skjermen no enn tidlegare. Det treng ikkje berre vere negativt at unge brukar meir tid framfor skjermen. Men det er viktig å vere klar over at det har vore ei stor utvikling i kor mykje tid me brukar på skjermbaserte aktivitetar. Dette seier John Henrik Staveland Sæter, SLT-koordinator. 
Sjølv om det er nokre negative tendensar, viser undersøkinga at livskvaliteten til dei unge totalt sett er høg. 

Medverknad frå barn og unge i analyse av resultata frå undersøkinga

ungdomssamling i møtesal - Klikk for stort bileteGodt oppmøte på innspelsmøtet for ungdata-undersøkinga i kommunestyresalen. Simon Knutsson Sortland

Bømlo kommune legg vekt på ungdomsmedverknad og at barn og unge vert lytta til. Det er derfor ei målsetjing at elevane, som har svart på undersøkinga, skal få sjå resultata frå undersøkinga fyrst, og at dei får vere med i analyse av desse og får høve til å gi innspel til vidare oppfølging. 

Det vart derfor arrangert innspelsmøte Ungdata 06.05.24. i kommunestyresalen. Då møtte 40 elevar frå mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule, både elevrådsrepresentantar og representantar frå ungdomsrådet. KORUS (Kompetansesenter for rusfeltet) presenterte resultata frå undersøkinga før elevane jobba i grupper med spørsmål om kva dei tenkjer om resultata og kva som bør gjerast vidare. 

Det vart laga ei oppsummering av innspela som vart presenterte for arbeidsgruppa for oppfølginga av undersøkinga. Med utgangspunkt i innspela som kom, vart det valt ut nokre tema og utarbeidd eit opplegg for skulane. Opplegget, som inneheld ein presentasjon av resultata frå undersøkinga og eit oppgåvehefte med spørsmål knytt til utvalde tema, vart sendt til alle skulane. Opplegget vert fyrst gjennomført i elevrådet ved skulen og så i klassane på dei trinna som har svart på undersøkinga. Innspela frå kvar skule vert samla i ein rapport med oppsummering av innspel og prosess. Denne rapporten vil, saman med resultata frå undersøkinga, vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for dei ulike planane det vert jobba med i kommunen. 

Ungdata vert brukt som eitt av fleire kunnskapsgrunnlag for kommunale planar.
 

Om Ungdata-undersøkinga

Ungdata er eit kvalitetssikra, standardisert system for lokale spørjeskjemaundersøkingar for barn og unge. 
Intensjonen bak Ungdata er å kartlegge korleis barn og unge har det og kva dei driv med på fritida. Undersøkinga omfattar tema som er knytt til familie, venskap, skule, lokalmiljø, helse, mobbing, regelbrot og deltaking i fritidsaktivitetar. 

Ungdata-undersøkingane vert gjennomførte ved at skuleelevar på mellomtrinnet (5.–7.trinn), ungdomstrinnet (8.–10.trinn) og i vidaregåande opplæring (Vg1–Vg3, t.o.m. 19 år) svarar på spørsmål om ulike sider ved livet sitt. Undersøkingane går føre seg i skuletida og vert gjennomførte elektronisk. Ungdataundersøkinga vart gjennomført på Bømlo i tidsrommet 22.01.-16.02. 2024. Over 1100 elevar på Bømlo har svart på undersøkinga. 

For meir informasjon sjå ungdata.no

tre menn poserer - Klikk for stort bileteKORUS-representantane Reidar Dale (t.v) og Kristian Hartveit saman med SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter i Bømlo kommune under innspelsmøtet til Ungdata-undersøkinga 2024. Simon Knutsson Sortland
Til toppen