Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

NAV og Bømlo kommune med samarbeidsavtale

Bømlo kommune og NAV underteikna nyleg ein samarbeidsavtale med siktemål om å sikra sysselsetting og yrkesdeltaking, og at den skal bidra til eit meir heilskapleg og strukturert arbeid. 

større gruppe personar rundt møtebord - Klikk for stort bileteBømlo kommune og NAV underskreiv samarbeidsavtale om å sikra sysselsetting og yrkesdeltaking. Frå venstre leiar Annlaug Rygg Svendsen i NAV Arbeidslivssenter, leiar Håvard Lægreid i Nav region Sunnhordland, marknadsansvarleg Chris-Andrè Elvik og avdelingsleiar arbeid- og aktivitetsavdelinga Jens Erik Hansen. Frå Bømlo kommune møtte kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter, personalsjef Vanja Espeland og personalrådgjevarane John Helge Møgster og Gro Skare Lien. Simon Knutsson Sortland

Føremålet med samarbeidsavtalen er å formalisera og strukturera samarbeidet mellom Bømlo kommune og NAV, slik at tenestene som vert levert til Bømlo kommune vert heilskaplege, koordinerte og brukarretta. Bømlo kommune og NAV inngår eit strategisk partnarskap som skal bidra til å sikra sysselsetting og yrkesdeltaking, og gjennom samarbeidet bidra til at utsette grupper får varig tilknyting til arbeidslivet. Partnarskapet skal og bidra til at arbeidsgjevar får dekka sitt arbeidskraftsbehov.

- Bømlo kommune har eit langt og godt samarbeid med NAV. Dei kjenner kommunen sine behov, veit kva me kan leggja til rette for, og kva fagområde som er mest aktuelle. Denne avtalen legg til rette for å gjera meir av det me veit fungerer - tett dialog og kartlegging av den enkelte sine behov. Dette gjer at me ofte lykkast i å få kandidatar ut i arbeid, seier personalsjef Vanja Espeland.

Auka sysselsetting innan alle grupper er eit mål for Bømlo kommune. Det er store grupper på veg over i pensjonisttilvære, og me har ikkje råd til at nokon ufrivillig står utanfor arbeidslivet. Samarbeidet med NAV er avgjerande for å nå desse måla, og me vil fortsetja å styrka dette samarbeidet for å sikra at fleire kjem ut i arbeid.

Rekruttering, inkludering og kvalifisering

Samarbeidet omfattar NAV sine tenester for rekruttering, inkludering og kvalifisering av arbeidssøkjarar til jobbar i Bømlo kommune. Det kan og omfatta koordinering av førebyggande arbeid innan sjukefråvær og arbeidsmiljø, eller bistand ved nedbemanning dersom Bømlo kommune har behov. 

NAV skal prioritere sin innsats der den gjer best effekt, i hovudsak mot samla sysselsettingseffekt og for å bidra til inkludering av utsette grupper på arbeidsmarknaden. Samarbeidet vil sikre lokalt handlingsrom og nærheit til dei ulike utfordringane og behova Bømlo kommune har. 

Samarbeidavtalen inneber mellom anna:

  • Arbeid med førebyggande arbeidsmiljøarbeid i kommunen, og vidareføre satsinga med Innsatsteam for å bidra til førebygging av sjukefråver
  • Vidareføre og vidareutvikle innsatsteam i helse, sosial og omsorg (HSO)
  • Mogleg oppstart innsatsteam i skule
  • Vidareføre samarbeid om individuelle opplæringsløp, t.d læreløp og arbeidstrening
  • Arbeide fram forsøket om å lage ein kvalifiseringsmodell for helsefagarbeidarar, der Bømlo kommune forpliktar seg til å ta i mot lærlingar per studiekull
  • Kartlegging av rekrutteringsbehov i Bømlo kommune
  • Andre aktuelle samarbeid som vil fremja formålet i avtalen t.d prosjektet «Inn i jobb»
Til toppen