Kva gjer du når partnaren din byrjar å gløyme? Når barnet du nettopp har fått viser seg å ha ei funksjonsnedsetting? Når du ikkje klarer å stå i jobb lenger fordi det er for krevjande å følgje opp dei gamle foreldra dine? Eller når du finn ut at sonen din ikkje har vore på skulen på fleire veker? Dei fleste av oss kjem til å oppleve plutselege endringar og inngripande overgangar i livet.
Dette var spørsmål årets pårørandekonferanse satte søkjelyset på - korleis me kan finne gode vegar vidare, og korleis håpet finst sjølv når alt verkar håplaust.
Pårørandekonferansen 2024 program
Frustrasjonar og takksemd
- Programmet var spennande og variert, med eit rikt innhald. Me har fått innsyn i ulike forskingsprosjekt og innspel både frå Helse- og omsorgsministeren og kommunalt tilsette i arbeid med pårørande. Pasienthistorier og pårørande sine erfaringar var i fokus. Det er både takksemd og frustrasjonar knytt til dagens helsevesen. Me har mykje å jobbe vidare med, både nasjonalt og i eigen kommune, seier rådgjevar for helse og omsorg Christine Grønås Mæland i Bømlo kommune.
Ho fortel at det har vore samtalar på Stortinget om ein opptrappingsplan for psykisk helse, som syner at me må styrkje helsetilboda i distrikta. Å forbetre arbeidsvilkåra for helsepersonell slik at dei kan yte best mogleg omsorg og støtte til både pasientar og pårørande blir viktig.
- Det å vera pårørande er slitsamt og ofte einsamt. Å vera omsorgsperson er utfordrande, men det å vera pårørande kan òg vera ein ressurs. Pårørandearbeid handlar om identitetsutfordringar, sorg, traume og omsorg. Det er eit arbeid som er viktig å ha fokus på, ta vare på, og som tilsette bør få meir kompetanse om, legg Mæland til.
Pårørandesamarbeid
Deltakarane på konferansen fekk ta del i fleire familiar, par og barn sine historier. Dei har delt sine opplevingar og erfaringar i møte med helsevesenet. Erfaringar som gav dei i salen noko å reflektere over.
Nokre av tema som vart tatt opp i dag:
Pårørande-konferansen vart sendt direkte på storskjerm i komunestyresalen.
Simon Knutsson Sortland
Her kan du sjå heile Pårørandekonferansen 2024 - "Når kvardagslivet snur", fram til 28. september