Montessori og Busthorn i kommunestyret

Kommunestyret skal måndag 28. april gje sin uttale på Foldrøy Montessori skule AS sin søknad om å starta opp privatskule hausten 2026, gjere vedtak i reguleringsplan for bustad- og næringsareal på Busthorn Hollund, samt ta stilling til å gi garanti for fast stilling etter fullført læretid i helse- og omsorgssektoren. Det er tre interpellasjonar - om Bømlopakken, sentrumsplan Svortland og omsorgsbustadar. 

Foldrøy Montessori skule AS har sendt søknad til Utdanningsdirektoratet (UDIR) om godkjenning etter privatskulelova for å kunne etablera ein privat skule på Foldrøy. Som vertskommune er Bømlo kommune beden om å gi uttale i saka før Utdanningsdirektoratet gjer sitt vedtak. Uttalen skal svare ut ei rekke spørsmål frå utdanningsdirektoratet. Kommunedirektøren har skrive ein uttale til UDIR med fokus på konsekvensane for kommunen sin skulestruktur og økonomi dersom det vert oppretta ein privat Montesorri-skule på Foldrøy som han tilrår kommunestyret å sende som svar. 

Møteinnkalling Bømlo kommunestyre 28.04.2025

Privatskule vil redusere rammetilskotet

Kommunestyret gjorde 2. desember 2024 vedtak om å leggja ned Foldrøy skule frå hausten 2025. Elevane vert overført til den nærmaste barneskulen, Svortland skule. Foldrøy grendautval har sendt søknad om å etablera ein privat Montesorri- skule på Foldrøy. I handsaminga av denne søknaden har UDIR bedt om ein uttale frå kommunen av kva konsekvensar dette kan ha for kommunen sin skulestruktur og økonomi.

- Dette er berre ein uttale til søknaden, men det er vanskeleg å berekne kva kommunen sparar eller får av meirkostnadar ved at elevar går frå offentleg til privat skule. Det vil uansett bety at kommunen ikkje får den innsparinga som låg til grunn ved nedlegginga av Foldrøy skule mellom anna som følgje av reduksjon i rammetilskotet, skriv kommunedirektøren.

Nedgangen i talet på barn i grunnskulealder inneber at rammetilskotet kommunane mottar til grunnskulen blir redusert tilsvarande. Rammetilskotet knytt til grunnskule for Bømlo vil gå ned med om lag 34 millionar kroner frå 2025 og fram til 2030 viss ein nyttar SSB si elevframskriving. Viss me legg til grunn ein folketalsvekst på linje med slik den har vore i seinare år, vil reduksjonen i tilskot vera på om lag 30 mill. kr. Ved etablering av ein privatskule vil trekkordninga føre til at rammetilskotet blir nedjustert ytterlegare. 

Tilrår godkjenning av Busthorn

Saka om nytt bustadareal og industriområde på Busthorn har skapt debatt om naturvern og sentrumsutvikling. Utval for areal og samferdsel innstilte med 7 mot to røyster å tilrå kommunestyret å vedta reguleringsplan for bustad- og næringsområde Busthorn Hollund. Planområdet ligg i Hollundsdalen og omfattar heile eller delar av eigedomane: gnr.89 bnr. 4, 9, 24, 37, 41, 47 og 101. Området ligg nord langs Bremnesvegen mellom Svortland og Rubbestad. Planområdet utgjer ca. 290 daa. 

Føremålet med planen er leggje til rette for både nærings- og bustadføremål, samt tilhøyrande trafikk-, leike- og friluftsområde. I vest er det planlagt om lag 200 bustadeiningar med ulike bustadtypar, medan austområdet skal nyttast til næring, inkludert kontor, butikkar og lett industri – men ikkje tung industri. Langs austgrensa vert det etablert grøntområde som buffer mot landbruksareal. Planarbeidet vil ha særleg fokus på arealutnytting, trafikkløysingar, renseavklaringar og tilpassing til terreng og landskap.

Vil gi stillingsgaranti

Formannskapet tilrår med fem mot fire røyster kommunestyret at Bømlo kommune innfører ein garanti om tilbod om fast, heil stilling til lærlingar innan helse- og omsorgsfag som har fullført læretida og bestått fagprøva. For at garantien skal gjelde, må lærlingen ha vist gode haldningar, motivasjon og interesse for faget gjennom læretida. Dette inneber blant anna å vere aktiv i faget, tilby seg å bidra, stille spørsmål, vise respekt og samarbeidsevne, møte presis og ha med naudsynt utstyr. Desse punkta skal vere ein del av vurderinga undervegs.

Ber om ny innkrevjingsordning og redusert oppseiingstid

Unni Seim (SV) ber i ein interpellasjon til kommunestyret om at dei ber Kontaktutvalet for Bømlopakken arbeida for å kartleggja ulike alternative betalingsmåter, mellom anna vegprising. Vidare at dei går i dialog med fylket for å sjå om det er råd å få på plass ei ny innkrevingsordning for Bømlopakken. Grunngjevinga hennar er at Vestland fylkeskommune har fått fullmakt til å søkja Vegdirektoratet om takstendring for å oppnå gjennomsnittstakst i Bømlopakken. Dette vil truleg gjenta seg kvart år framover i heile innkrevjingstida, meiner Seim.

Seim finn det urimeleg at leigetakarar av BKE sine omsorgsbustadar har tre månaders oppseiingstid, noko som kan føra til at pårørande må betala leige i 3 mnd etter at leigebuaren har 
dødd. Ho vil at Bømlo kommunestyre ber BKE om å sjå på leigevilkåra for omsorgsbustadar for å gjera oppseiingstida kortare for denne gruppa.

Anne T.  Johannessen (FrP) har levert inn ein interpellasjon der kommunestyret ber administrasjonen setje i gang prosessen med å leggja fram ein sentrumsplan for Svortland.