Mistanke om tjuvjakt

Laurdag møtte turgåarar ved Berge eit skikkeleg utriveleg syn. Ein hjort låg sterkt skada etter å ha vorte skoten. 

Turgåarane varsla politiet, og ettersøksjeger vart kalla ut og fekk avliva dyret. Dyret hadde store skader og har hatt mykje smerter, og Bømlo kommune ser svært alvorleg på denne saka. 

Godt organisert hjortejakt

- Me veit ikkje no kva som har skjedd, men det er heilt uakseptabelt at dyr blir skadeskotne og etterlatne slik som i dette tilfellet, og kommunen har meldt saka til politiet, opplyser rådgjevar landbruk Berit Hallaråker.

Det er hjortejakt i det meste av kommunen, også i det området der dette dyret vart funne. Kommunen har ikkje grunn til å tru at det er nokon med jaktrett i området som står bak denne handlinga. Kommunen si erfaring er at hjortejakta blir godt organisert og gjennomført, og at det er stort fokus på å finna dyret dersom det er mistanke om at dyr er skada. 
 

Til toppen