Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Må sikra gode tenester framover

Kommunedirektøren presenterte sitt budsjettforslag for 2025 og økonomiplan2025-2028 for kommunestyret måndag ettermiddag. - Hovudmålet er å sørgja for at kommunen har ein stabil økonomi, slik at me kan halde fram med å tilby gode tenester til innbyggjarane våre både i dag og i framtida, seier kommunedirektør Aga Gjøsæter.

I framlegg til Statsbudsjett for 2025 har staten lagt til grunn at Bømlo kommune får samla vel 950 millionar kroner i rammetilskot og skatteinntekter. Kommunen kjem om lag 5 millionar kroner dårlegare ut enn våre eigne prognosar. Hovudsakleg grunna endringar i inntektssystemet, og ikkje minst grunna færre barn i barnehage- og skulealder.

Framsikt - Kommunedirektøren sitt framlegg budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028

I 2025 får kommunen ein auke på nesten 57,5 millionar kroner samanlikna med 2024. Dette kjem hovudsakleg frå auka skatteinntekter og eit nytt distriktstilskot på 7,1 millionar kroner.
Sjølv om inntektene aukar totalt sett, vil Bømlo kommune tapa pengar på visse område. Utgiftsutjamningstilskotet, som hjelper kommunar med ekstra høge kostnader, blir sterkt redusert for Bømlo i 2025 med over 13 millionar kroner. Dette betyr at kommunen får mindre pengar til å dekke ekstra kostnader samanlikna med tidlegare år.

- Sjølv om me får meir pengar totalt sett, mistar me ein stor del av tilskota som har vore viktige for å dekka ekstra utgifter. Dette vil føra til at kommunen må strama inn og endra pengebruken, noko som kan påverke både kvaliteten og omfanget av dei kommunale tenestene. Men ved å planlegga godt og gjere smarte prioriteringar kan kommunen redusera kostnadane utan at det går for mykje utover livskvaliteten til innbyggjarane, seier kommunedirektør Aga Gjøsæter.

Sjå presentasjonen på kommunetv-arkiv

mykje folk i sal ser på presentasjon - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter presenterte for kommunestyret sitt budsjettforslag og økonomiplan 2025-2028. Simon Knutsson Sortland

Ein del usikre faktorar

For 2024 er rammene satt på grunnlag av Regjeringa sitt statsbudsjettforslag, men det er også stor usikkerheit knytt til utfallet av den endelege statsbudsjettbehandlinga i Stortinget, som kan ha verknad for driftsresultatet. Kommunen sin prognose for årsresultatet i 2024 er eit underskot/meirforbruk på 19 millionar kroner.

For 2025 må me ha eit positivt driftsresultat for å unngå oppføring i ROBEK. Når me budsjetterer med eit positivt resultat på 12,189 millionar kroner, inneber dette i realiteten eit «nullspel». Dette resultatet er nødvendig for å dekka meirforbruket for 2023, som må dekkast innan 2 år. 

Må byggja fond og styrka likviditeten

Det er også viktig at me frå 2025 og framover i større og større grad skal nytta havbruksinntekter gå til å byggja fond, og ikkje til drift som har vore tilfelle til no. I dette  budsjettforslaget er det eit litt høgare skatteanslag enn det staten legg til grunn.

- Kommunelova krev at all bruk av midlar i årsbudsjettet skal ha dekning i årets tilgang på midlar. Dette betyr at me ikkje har lov til å legge opp til ei løysing med høgare pengebruk enn dei inntektene me forventar inn til kommunen. Kommunestyret vedtok i 2019 finansielle måltal som inneber at me skal budsjettera med ein pluss, og å byggja fond over tid, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Frå 2026 vil me få ei styrking av fond og likviditeten. Dei siste to åra har me lånt inntil 110 millionar kroner for å klara våre lønsforpliktingar. Per oktober 2024 kosta denne kreditten 2,67 millionar kroner, med ei venta auke på ca. 300.000 på året. For 2025 er det behov for ei fullmakt frå kommunestyret til å låna inntil 125 millionar kroner. Det gir ein estimert kostnad på omlag 4 millionar kroner.  Ved å byggja disposisjonsfond får me betra likviditet, og budsjettframlegget vil styrka dette fram mot 2030.

Utfordringar me må løyse

Bømlo kommune står framfor fleire store utfordringar i åra som kjem. Utgiftene til tenester som helse, omsorg og oppvekst har auka mykje dei siste åra. Til dømes er det fleire eldre som treng helsehjelp, og me ser at barn og familiar i kommunen treng tettare oppfølging enn tidlegare.

Kort fortalt vil eldrebylgja krevja meir midlar medan yngrebylgja med færre elevar vil føra til reduserte inntekter. Det betyr at me må tilpassa vår bruk av pengar på oppvekst til inntekta me får frå staten.

Me har også høge kostnader knytt til renteauke, som påverkar kor mykje pengar me har til å driva andre viktige tenester. I tillegg flyttar staten fleire oppgåver til kommunen utan at me nødvendigvis får meir pengar til å dekka desse oppgåvene. Dette gjer at me må prioritera pengane våre nøye.

Kva skal me prioritera?

I budsjettet for 2025 har me valt å prioritere å drifta vidare med stort sett dei same tenestene som me har no i alle seksjonar, men med nokre tilpasningar og styrkingar. Helse er blitt styrka på einskilde område for å unngå eit stort meirforbruk.

Når det gjeld investeringar er det to særlege satsingar i starten. Det er nytt kjøken ved Bømlo bu og helsesenter (BBH) og nytt system for personal og økonomi. Nytt kjøken på BBH er kostnadsrekna til 16,75 millionar kroner. Anbod er sendt ut og vil bli realisert om forslag til budsjett vert vedteke. I slutten av perioden er det Våge skule som er kostnadsrekna til 89,5 millionar kroner.

Me må også tilpassa skulestrukturen for å bruka ressursane våre på best mogleg måte. Samstundes satsar me på digitalisering og effektivisering for å gjere drifta av kommunen meir økonomisk berekraftig. Dette vil bidra til å kutte unødvendige kostnadar og sikra betre tenester for innbyggjarane.

Kva betyr dette for deg som innbyggjar?

Me jobbar hardt for å sikra at kommunen kan tilby gode tenester i åra framover, men det betyr at me må ta nokre tøffe val. Nokre tiltak kan bli utsatt, som oppgraderingar av kommunale vegar og bygg, fordi me må prioritera tenester som skule, barnehage, helse og omsorg først.

Budsjettforslaget inneheld ikkje nokon store nyheiter utover det som allereie er varsla. Sjølv om økonomien ser ut til å betra seg, må me vere audmjuke og ha stor respekt for endringane som allereie er starta, og som forslaget byggjer på. Desse endringane, som påverkar både dei tilsette og brukarane, må ifølgje forslaget gjennomførast som ein del av planen.

Me forventar å styrka økonomien gradvis fram mot 2028, noko som vil gi oss meir handlingsrom til å gjere større investeringar. Dette vil mellom anna inkludera utvikling av Våge skule og investeringar i kommunal infrastruktur.

Eigedomsskatten vert i budsjettforslaget auka med 1 promille til 3,7 promille. For ein gjennomsnittleg hustand som i dag betaler 5000 kroner per år i eigedomsskatt vert det med dette framlegget ein eigedomsskatt på 6850 kroner, altså ein auke på 1850 kroner eller 37%. For næringsdrivande aukar satsen frå 3 til 4 promille, dvs ein auke på 33,3%.

Hovudmålet er å oppnå positive driftsresultat gjennom heile økonomiplanperioden, med mål om å byggja opp fond og betra likviditeten. Dette er nødvendig for å sikra stabil drift og unngå økonomiske utfordringar som kan føra til at kommunen må inn i ROBEK-registeret.
Ved å styra økonomien på ein ansvarleg måte, vil me sikra at Bømlo kommune kan halde fram med å levera trygge og gode tenester til alle innbyggjarane – både no og i framtida.

Vegen vidare

Kommunedirektøren har no lagt fram sitt forslag til budsjett og økonomiplan 2025-2028. No er det politikarane som skal endeleg vedta budsjettet. Den. 21. november skal formannskapet gje si innstilling. Budsjettet ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 22.10 til 8.12. Måndag 9. desember skal budsjett og økonomiplan vedtakast av kommunestyret.

Til toppen