Lokal gras- og skogbrannfare

Metereologiske institutt har sendt ut farevarsel på gult nivå for lokal gras- og skogbrannfare. Det er derfor ikkje tilrådeleg å tenna eld utandørs før det kjem regn av betydning. Hugs at tennar du eld utandørs, er det du som er ansvarleg.

opplista temperaturar - Klikk for stort bileteTemperaturar og gult farevarsel for skogbrannfare. YR.no

Det generelle bålforbodet gjeld frå 15. april, men det er no tørt i naturen. Meteorologisk institutt melder om lokal gras- og skogbrannfare på gult nivå for deler av Sør-Noreg. 

Sjølv om det dei næraste dagane er meldt fint vær, og det kan vera freistande å gjera opp eld utandørs, rår Bømlo brann og redning frå dette inntil det kjem nedbør av betydning. Vegetasjonen kan lett ta fyr og store område kan bli berørt. 

Bømlo brann og redning strekar under at du må hugsa at det er du sjølv som er ansvarleg dersom du tennar opp utandørs.

Dersom du skal gjera opp eld utandørs så må du ha ein plan for brenninga, og ta omsyn til vind og vindretning før du tennar opp. Dette gjeld anten du skal brenna lite eller stort. 

Du må alltid melda frå til 110 Sør-Vest før du tennar opp utandørs (gjeld ikkje grill). 

Meld frå her

Les meir på Bømlo brann og redning si nettside