Kurs i bruk av Tilskuddsportalen

Bømlo kommune har i ein del år gjort Tilskuddsportalen tilgjengeleg for lag og organisasjonar heimehøyrande i Bømlo og for tilsette i Bømlo kommune. No inviterer me lag og organisasjonar til ei innføring/eit lite kurs i bruk av portalen måndag 18. november kl. 18.00-19.30 i kommunestyresalen. 

Tilskuddsportalen er eit digitalt oppslagsverk med over 2700 søkbare tilskotsordningar som lag og organisasjonar og andre kan søkja på. Det gjev ei god oversikt over kva som er mogleg å søkja på. Portalen vert stilt gratis til disposisjon for lag og organisasjonar. 

- Dette blir eit digitalt kurs kor kurshaldar er med via internett/storskjerm. Me ønskjer å samla representantar frå ulike lag og organisasjonar i Kommunestyresalen i Rådhuset, slik at det også blir rom for spørsmål og utveksling av erfaringar i samband med søknadar på ulike tilskotsordningar, seier rådgjevar for folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen 

  • Tid: måndag 18. november kl. 18.00
  • Stad: Kommunestyresalen

Påmeldingsfrist for kurset: 1. november 2024. 

PS: Kurset blir avlyst dersom det ikkje er nok påmelde.

Påmelding til kurs i Tilskuddsportalen

Kontaktperson: 
Rådgjevar for folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen
Send e-post
Tel: 453 82 642
 

Til toppen