Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Korleis gje god service til personar med demens?

Bømlo kommune tilbyr no saman med Bømlo Demensforening kurs for tilsette i offentleg og privat servicenæring. I februar 2024 inngjekk Bømlo kommune eit samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å jobba for å bli ein demensvenleg kommune.  

Å vera ein demensvenleg kommune handlar om at menneske med demens skal møta forståing, respekt og støtte frå andre i kvardagssituasjonar. Gjennom å bli møtt med respekt og forståing, vil personar med demens og deira pårørande oppleva tryggleik, fridom og likeverd og det vil gjera dei sjølvhjelpne og gje høve til å leva aktive liv lengst mogleg.  Auka kunnskap om demens blant tilsette i servicenæringa vil gjera det lettare for personar med demens å utføra vanlege kvardagsaktivitetar som å handla, ta taxi, kommunisera med det offentlege, vera i fysisk aktivitet og bruka kultur og aktivitetar som kino og konsertar. Samtidig gjer det arbeidskvardagen til personar i ulike serviceyrke enklare. 

Meir informasjon om Bømlo kommune sitt tilbod til menneske med demens og deira pårørande finn du her: 
Tiltak for heimebuande personar med demens og deira pårørande - Bømlo kommune (bomlo.kommune.no)

Gratis kurs

Bømlo kommune ønskjer difor saman med Bømlo Demensforening å tilby kurs for tilsette i offentleg og privat servicenæring. Kurset inneheld informasjon om demens, tek for seg konkrete situasjonar og korleis ein kan reagera på desse, det blir informasjon om arbeidet med demens i Bømlo og det blir rom for spørsmål i etterkant. Kurset er gratis og varer ca. ein time.

Når: Torsdag 31.10.2024 kl. 09.00 og kl. 17.00 
Stad: Bømlo folkebibliotek

Skriftleg påmelding innan 28.10.2024  

Påmeldingsskjema for kurs

Kursbevis

Dersom ei verksemd deltar med meir enn 50% av dei tilsette som har kundekontakt, får verksemda klistremerke som prov på at dei har gjennomgått denne opplæringa i demensvennleg samfunn og at ein støttar opp om dette arbeidet. Det er tenkt at desse kursa skal gjennomførast fleire gonger. Dersom det ikkje passar den 31.10.2024, men likevel er interessert i å delta på eit kurs, kan du registrera deg i påmeldingsskjemaet og bli informert når me planlegg ein ny runde med kurs.

Har du fleire spørsmål, ta kontakt med: 
Demenskoordinator Anna Iren S. Stavland
Mobil: 482 90 113
Telefon:  53 42 34 70
Send e-post
 

Til toppen