Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Kontaktinformasjon frivillige lag og organisasjonar

Dei fleste laga og organisasjonane i Bømlo er registrerte i Frivillighetsregisteret som er ein del av Brønnøysundregistera, men det er ikkje noko meldeplikt eller liknande til Bømlo kommune. Me ynskjer å bli betre, og då er oppdatert kontaktinformasjon særs viktig.

Det er eit rikt lagsliv i Bømlo med mange lag og organisjonar med ulik storleik og aktivitetsnivå. Lag og organisasjonar bestemmer sjølve kve dei vil engasjera seg i og korleis dei vil arbeida.

Frå Bømlo kommune si side vert det lagt vekt på at dei frivillige skal få driva med det dei ønskjer, men me prøver å hjelpe til med informasjon, tips og råd der det er naturleg og dersom me får spørsmål om det. Det hender også at me som kommune kjem med spørsmål om samarbeid om prosjekt eller aktivitetar og det er og vedteke at det skal finne stad årlege dialogmøter mellom lag og organisasjonar og representantar i frå Bømlo kommune. 

Informasjonsbrev og kurs

Me inviterer innimellom til møter, kurs og andre tilstellingar og det blir også sendt ut eit informasjonsbrev i frå Rådgjevar for folkehelse og frivilligheit nokre gonger i året, kor me informerer om aktuelle saker, viser til aktuelle planar som er på høyring og informerer om tilskotsordningar som lag og organisasjonar kan søkja på. Dei fleste av desse er ikkje kommunale ordningar, men statlege- fylkeskommunale eller tilskot i frå næringslivet som det er mogleg for ulike aktørar å søkje på. 

Når me sender ut informasjon i frå Bømlo kommune, blir det i svært stor grad gjort ved hjelp av e-post til dei som har registrert seg med kontaktperson, e-postadresse etc. hos oss. Dei fleste laga har vore veldig flinke til å gje tilbakemelding om kven som skal motta informasjonen og held informasjonen oppdatert når det skjer utskiftingar i styret. 

Me treng dykkar kontaktinformasjon

Når me samanliknar dei organisasjonane i Bømlo som er registrerte i Frivillighetsregisteret eller Enhetsregisteret, ser me likevel at det er ein del me ikkje har kontaktinformasjon om. 
Dersom du er aktiv i eit lag som ikkje mottek informasjon i frå oss og du tenkjer at det kunne vera nyttig for dykk, er de velkomne til å registrera informasjonen hos oss. Det enklaste er dersom de brukar denne lenka  til å registrera nødvendig informasjon: Kontaktinformasjon lag og organisasjonar i Bømlo kommune

Her finn de ein del informasjon om lag og organisasjonar i Bømlo og samarbeidet med Bømlo kommune: Grendautval, lag og organisasjonar - Bømlo kommune

Dersom de har spørsmål etc., ta gjerne kontakt med kontaktpersonen for lag og organisasjonar i Bømlo kommune:

Johanne Kristiansen 
Rådgjevar for folkehelse og frivilligheit
Send e-post
Tel: 453 82 642

Til toppen