Brustenging onsdag 30.10 kveld/natt

Bømlabrua vert stengd kveld/natt onsdag 30. oktober mellom klokka 22.00-02.00. Litt uvisst kor lenge, men det vert to løft så operatøren reknar med å vere ferdig ca. kl. 02.00. 

Klarar du deg i sju dagar utan vatn og straum?

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober og her vert det sett fokus på at me er alle ein del av Noreg sitt totalforsvar. Hovudbodskapen er at alle bør vurdere moglege hendingar og planlegge for sjølvberging i minst sju døgn ved bortfall av kritisk infrastruktur som straum og vatn.

plakat eigenberedskap frå dsb - Klikk for stort bileteGod eigenberedskap viktig for totalforsvaret av Noreg. DSB

Hausten 2018 vart kampanjen "Du er ein del av Norges beredskap" lansert. Eigenberedskapsveka starta i 2019 og er blitt ei årleg landsdekkande kampanjeveke der Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) aukar kunnskapen og medvitet om beredskap blant befolkninga.I Eigenberedskapsveka 2024 blir ein ny brosjyre sendt ut til alle norske husstandar. 

Trong for auka beredskap

Klimaendringar og sikkerheitspolitiske endringar krev auka beredskap. Me må førebu oss på bortfall av kritisk infrastruktur og styrka totalforsvaret. Norge sin stabilitet og avhengigheit av fungerande infrastruktur gjer oss sårbare, noko som understrekar trongen for god beredskap. I mai 2024 oppdaterte DSB råda om eigenberedskap til å omfatte ei heil veke mot tidlegare tre dagar.

Råd om eigenberedskap på sikker.hverdag.no

Bømlo kommune - eigenberedskap

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)

Til toppen