Jubileumsveka - Moster 2024

Året 2024 markerar 1000 år sidan Olav den Heilage kom til Bømlo og sette kristenretten. Dette er eit stort og viktig jubileum, ikkje berre for kommunen vår men for landet i si heilheit. No er det endeleg jubileumsår og vi gler oss veldig til feiringa. Denne feiringa kan du òg vera med på!

sinte kvinner i historisk spel - Klikk for stort bileteJubileumsveka Moster2024 promobilde.

Under jubileet har me i Moster 2024 behov for hjelp i alle slags former. Her trengs det hjelp både til servering av mat, steiking av vaflar, kaffikoking, vakthald og til å hjelpa publikum. Dersom du er glad i å vera rundt folk og aller helst likar å vera der det skjer når det skjer - då er dette arrangementet for deg!

Som frivillig i Moster 2024 får du ei unik moglegheit til å vera med å skapa ramma rundt dette store jubileet og bidra til at publikum, artistar og gjester får ei uforgløymeleg veke her på Moster. Hos oss er alder inga hindring. Vi vil gjere så godt vi kan for at alle som ynskjer å vera med skal få givande, artige og spanande oppgåver under jubileet.

Så anten du ynskjer å vera til stades som publikum og få med deg eit eller fleire av dei spanande arrangementa våre, eller du vil vera med som frivillig, her finst noko for alle! Me gler oss til jubileumsveka saman med dykk på Moster!

Jubileumsveka på Moster 29. mai til 2. juni 2024

For meir informasjon om arrangement og frivilligheit finn du heimesidene våre:
https://moster2024.no 
Billettar finn du på Ticketmaster:
https://www.ticketmaster.no/artist/jubileumsveka-pa-moster-2024-billetter/1214123

På døra veke 9 - jubileumsveka Moster 2024 (PDF, 937 kB)

Om prosjektet På døra

Jubileumsveka under Moster2024 er tema i veke 9 i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

Til toppen