Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

- Imponerande verdiskaping i Sunnhordland

- Region Sunnhordland har eit veldig godt driv med klynger av nyskapande næringsliv med imponerande verdiskaping både for Vestland og nasjonalt. Den viktigaste saka me må finna ei løysing på framover er krafttilgangen og utbygging av det regionale kraftlinjenettet, seier leiar Oddmund Klakegg (Sp) i Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune.

mann viser powerpoint bilde - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland ber fylkeskommunen om politisk drahjelp med viktige omstillingar og infrastruktur for næringslivet. Simon Knutsson Sortland

Utvalet hadde si todagars samling i Sunnhordland med bedriftsbesøk og orienteringar på Stord og Bømlo før dei sette det politiske møtet på Bømlo hotell onsdag. Her var det orienteringar frå dagleg leiar Astrid Kjellevold i Atheno, Sigbjørn Framnes for Region Sunnhordland og presentasjon og utfordringsbilete for Bømlo kommune ved kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og ordførar Morten Helland. Magne Heimvik orienterte om kraftsituasjonen i Sunnhordland før lunsj og møtet i hovudutval for næring. 

Møte i Hovudutval for næring 27.-28.8.2024

Framoverlent næringsliv

Ordførar Morten Helland avrunda presentasjonen frå Bømlo kommune med oppmoding om politisk drahjelp til grøn omstilling for ein region med høg sysselsetjingsgrad i det han kalla “utfasande” næringar. Likeså når det gjeld infrastruktur som veg, kraft- og nettkapasitet. Ikkje minst å sikra sjømatindustrien betre rammevilkår. Stord-ordførar Sigbjørn Framnes (FrP) representerte her Region Sunnhordland. 

Han framsnakka regionen sine åtte sunnhordlandskommunar og arbeidet til Sunnhordlandsrådet, Geopark Sunnhordland, Visit  Sunnhordland og Bu i Sunnhordland. Strategisk samarbeid mot Rogaland og Bergen, viktige oppgåver for berekraft som Rein Hardangerfjord, og ikkje minst samferdsle og Hordfast.

Oddmund Klakegg (Sp) leiar Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune som har 15 medlemer, mellom anna Bente Spissøy frå Bømlo INP.  Han sa seg imponert over det framoverlente næringslivet her. Målet til hovudutvaler er å møta næringslivet frå nord til sør i fylket, både nyskapande næringsklynger som i Sunnhordland og andre der fylkeskommunen må skubba litt meir på.

- Me opplever at næringslivet her er uroa over tilgangen på kraft, så det vil få høg prioritet hos oss. Situasjonen er mest prekær her i Sunnhordland, og løysinga ligg i å utbetra det regionale kraftnettet, meiner Klakegg.

møte med presentasjon på storskjerm - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og ordførar Morten Helland presenterte om tilrettelegging for næring og infrastruktur for fylkespolitikarane. Simon Knutsson Sortland
Til toppen