Seniortrim i Bømlohallen.
Simon Knutsson Sortland
Treningsøkta er over og dei 34 deltakarane pø Bremnes IL sin Seniortrim i Bømlohallen har nett avslutta dagens øvingar. Då er det samling i foajeen for ein god drøs over kaffikoppen og fruktbegeret. Praten går lett, og dei overgår kverandre i å framsnakka tilbodet. Form, figur, funksjonsevne eller kva som helst som du kanskje vil bruka som unnskyldning kan du berre gløyma. Her er det godt å kome for både di fysiske og psykiske helse.
- Me har halde på i over fem og eitt halvt år, og med ein svært stabil gjend der eldste deltakar er over 80 år, fortel instruktør Frode Sortland. me har plass til fleire for hallen er stor og me har nok utstyr, legg han til.
- Me treng fleire mannfolk, presiserer mindretalsgjengen.
- Me skulle hatt meir enn ei økt i veka, meiner fleire.
- Det sosiale er særs viktig, og her vert alle inkludert og akseptert for den du er, skryt ei anna.
Seniortrimmen i Bømlohallen er kvar fredag frå klokka 10.00.
Sjå heile På døra veke 8 (PDF, 3 MB)
Om prosjektet På døra
Seniortrim er tema i veke 8 i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.