Solarieverksemd er regulert i «Forskrift om strålevern og bruk av stråling» (strålevernforskrifta). Alle solarium til kosmetisk bruk skal vere registrert hos Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA). Tilsynet vil mellom anna gjelde registreringsplikta.
Har du ei verksemd som tilbyr solarium, er det viktig at du registrerer denne så snart som mogleg. Informasjon om kva krav som gjeld for di verksemd, og ein rettleiar for deg som tilbyr soling i solarium finn du og på nettsidene til DSA. Du kan og melde inn/registrere di solarieverksemd til kommunen.
DSA - Registrer ditt solarium
Innmelding/registrering solarieverksemd til Bømlo kommune på: postmottak@bomlo.kommune.no