Gode råd om born og alkohol

Ta med deg desse råda, så blir sommarferien endå kjekkare for både store og små.

liten unge på plakat med hugsereglar - Klikk for stort bileteDen viktigaste hugselista i sommar om born og alkohol.

Sommarferien nærmar seg, og borna gler seg til fridagar med is, bading og grillmat. For mange vaksne er også alkohol ein del av feriekosen. Då er det viktig å hugse på at born blir påverka av drikkinga til dei vaksne før ein blir det sjølv.

– Born merkar raskt at vaksne endrar seg. Når me drikk alkohol, kan det vere vanskeleg å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for dei små. Ein god hugseregel er at borna blir påverka før dei vaksne, seier Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til.

Bømlo er ein Av-og-til-kommune. Sidan 2017 har me jobba saman med Av-og-til for å førebyggje og redusere alkoholskadar og gjere kvardagen tryggare for alle.

Derfor ynskjer me å kome med ei oppmoding til alle vaksne: Tenk over alkoholbruken din saman med born i sommar.

- Born treng trygge vaksne rundt seg. Ver den trygge vaksenpersonen borna treng, og ta med deg råda nedanfor, så blir sommarferien enda kjekkare for både store og små, seier John Henrik Staveland Sæter, SLT-koordinator og Av-og-til-koordinator i Bømlo kommune.

Seks råd om alkoholbruk rundt born i sommar:

•    Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med born.
•    Ha flest dagar utan alkohol – sjølv om du har fri.
•    Bli einig med andre vaksne om nokre reglar for alkoholbruk når det er born til stades.
•    Det blir kjekkare for både deg og borna når du er i god form neste dag.
•    Ver spesielt bevisst dersom de skal reise bort – born kan ha eit ekstra behov for trygge vaksne i eit framandt miljø. 
•    Hugs at born blir påverka før du blir det.

Me ynskjer alle ein god og trygg sommar!

Besøk Av-og-til på nett

Til toppen