Brustenging onsdag 30.10 kveld/natt

Bømlabrua vert stengd kveld/natt onsdag 30. oktober mellom klokka 22.00-02.00. Litt uvisst kor lenge, men det vert to løft så operatøren reknar med å vere ferdig ca. kl. 02.00. 

Føreslår å endra skulestrukturen

Me må sikra at alle elevar, uavhengig av kvar dei bur i kommunen, får eit godt opplæringstilbod. Det er ikkje forsvarleg å kutta ytterlegare i driftsrammene utan å gjera endringar i strukturen. I motsett fall vil kommunen bryta lærarnorma ved fleire skular.

uteområde meling skule og sfo - Klikk for stort bileteMeling skule sitt nye tilbygg. Simon Knutsson Sortland

Med endringane i demografien, der talet på barn og unge går ned medan talet på eldre aukar, må kommunen framover tilpassa skulestrukturen til den økonomien som er tilgjengeleg. Små skular er ofte dyrare å drifta, og dagens struktur er ikkje berekraftig når overføringane frå staten til opplæring blir mindre.

Så langt har nedskjeringane blitt gjennomførte gjennom reduksjon i tiltak og rammetimar ved alle skulane. Det er ikkje forsvarleg å kutta meir utan å bryta lærarnorma. Samstundes må me vera førebudde på at det i framtida kan bli vanskelegare å rekruttera kvalifiserte lærarar og miljøarbeidarar. Allereie no er det utfordrande å finna vikarar ved sjukefråvær på alle skulane.

Synkande elevtal og god kapasitet

Oppdaterte tal for elevar i Bømloskulen viser ein tydeleg nedgang i elevtalet i åra som kjem, og dette må påverka skulestrukturen. Framskrivinga av elevtalet viser at nedgangen går raskare enn tidlegare antatt. Over tid har elevtalet i kommunen lege på om lag 1700 elevar. Skuleåret 2021/22 var det 1716 elevar, medan det i inneverande år er redusert til 1634 (pr. 19.09.24). Elevtalsframskriving viser at talet vil vera 1408 i skuleåret 2029/2030. Den største nedgangen er på Svortland, Gilje, Moster og Hillestveit.

Per i dag har alle skulane våre god kapasitet, med unntak av Meling skule. Generelt er skulane i god stand, men nokre skular har behov for vedlikehald og ombygging. Det er vedteke bygging av ny skule på Våge.

På bakgrunn av lågare elevtal og innsparingar i økonomiplanen for 2025-2028, vil kommunedirektøren fremja endringar i skulestrukturen i Bømlo kommune i to trinn. Dei første endringane er foreslåtte frå skulestart 2025.

Samlar ungdomsskulane

Kommunedirektøren føreslår å samla alle ungdomsskuleelevane på Bremnes ungdomsskule, først ved å flytta 47 elevar frå Hillestveit til BUS hausten 2025. Hillestveit vert då ein barneskule (1-7) frå neste skuleår. Elevtalet ved Moster skule er på veg ned, og i skuleåret 2030/31 vil det berre vera 67 elevar på ungdomstrinnet. Då vil det vera mogleg å flytta desse elevane til BUS utan behov for utbygging av skulen.

Flyttinga av ungdomsskuletrinnet frå Hillestveit til Bremnes vil gje ei årleg netto innsparing for Bømlo kommune på 3 300 000 kroner.

Føreslår nedlegging av Foldrøy skule

Kommunedirektøren føreslår å leggja ned Foldrøy skule. Den næraste skulen er Svortland skule, som har kapasitet til å ta imot elevane frå skulestart i 2025/2026. Årleg netto innsparing her er berekna til 3 720 000 kroner.

Det andre trinnet av skulebruksplanen vil innehalda fleire forslag til endringar i barneskulen. Dette vart ikkje vurdert i rulleringa av planen i 2022, og difor treng administrasjonen meir tid til å utgreia og involvera aktuelle skular og bygder i ein medverknadsprosess i 2025.

Må trygge elevar og tilsette i overgangsfasen

Elevane som må byta skule vil bli direkte påverka av endringar i skulebruksplanen. Andre elevar kan bli påverka indirekte, til dømes gjennom fleire elevar på trinna ved mottakarskulen. Føresette og lokalsamfunnet vil kunna oppleva eit tap dersom ein skule vert lagd ned slik det vert føreslege på Foldrøy. Skulen er ein sentral møteplass i bygda, og ein må i samarbeid med grendeutval, lag og organisasjonar arbeida for å ta vare på eit godt lokalmiljø.

Andre konsekvensar ved flytting til annan skule er lengre skuleveg, eit mindre tett lokalt nettverk, og særlege utfordringar for sårbare barn. På den positive sida kan elevane oppleva å få større venekrins, eit meir variert læringsmiljø og nye møteplassar.

Det er avgjerande med nok tid til god informasjon til dei involverte og samarbeid med heimane og med ny skule for å sikra tryggleik for elevane i denne overgangsfasen. Me oppmodar til saklege diskusjonar og framsnakking av skulane våre.

Dei fast tilsette vil få ny arbeidsstad, og saman med dei tillitsvalde vil me leggja til rette for ein god overføringsprosess.

Sjå vidare saksgang Skulebruksplanen 2024

Om skulebruksplanen

Målet med rulleringa av skulebruksplanen i 2022 var å etablera ein skulestruktur med berekraftige driftskostnadar for grunnskulane, og at mest mogleg av midlane til skule skulle gå til å styrka innhaldet i opplæringa. Arbeidet med rulleringa var grundig, med omfattande involvering frå alle relevante partar, men forslaga til endringar vart ikkje vedtekne.

I kommunestyret den 17. juni fekk kommunedirektøren i oppdrag å starta ein ny prosess tidleg hausten 2024 for å vurdera endringar i skulestrukturen. Dette kjem av kommunen sin økonomiske situasjon og endringar i folketalet i tida framover.

Det er fleire omsyn som må takast når kommunen skal planleggja for ein berekraftig skulestruktur framover. Demografi, læringsmiljø og fagleg tilbod, inkludering og sosialt miljø, geografisk dekning og reisetid, økonomisk berekraft, skulebygg og infrastruktur, samfunnsutvikling og lokalsamfunn, og miljømessig berekraft er alle viktige sider som må vurderast.
Det er elles eit krav ved nedlegging eller samanslåing av skular at barnet sitt beste vert vurdert (barnekonvensjonen), nærskuleprinsippet (Opplæringslova §2-6), forsvarleg sakshandsaming og ein høyringsfrist på minimum seks veker.

Skulebruksplanen skal:
•    skapa gode og likeverdige fysiske læringsmiljø for elevane i kommunen
•    sikra at ressursane vert brukte effektivt og optimalt, både økonomisk og i forhold til pedagogiske mål
•    sikra at Bømlo kommune har gode, funksjonelle bygg som er tilpassa elevtalet
•    sjå framover i tid når det gjeld utvikling og vedlikehald av skuleanlegg og skulestruktur for å sikra at organiseringa av skulane framleis møter behova til skulen og samfunnet den tener

Til toppen