Brustenging onsdag 30.10 kveld/natt

Bømlabrua vert stengd kveld/natt onsdag 30. oktober mellom klokka 22.00-02.00. Litt uvisst kor lenge, men det vert to løft så operatøren reknar med å vere ferdig ca. kl. 02.00. 

Fleirtalet opprettheld vedtak

Fleirtalet i kommunestyret vedtok med 15 (H 5, KrF 5, Ap 4, SV 1) mot 12 (H 1, FrP 4, K1, Sp 2, INP 4) å oppretthalda vedtaket sitt i saka om sjukeheimstilbod og heimetenester som mindretalet hadde fremja krav om lovlegkontroll på.

Møteinnkalling, saksliste og protokoll kommunestyremøte 23.09.2024

Kommunestyre-tv arkiv 23.09.2024

Formannskapet hadde ikkje ei fleirtalsinnstilling til kommunestyret i denne saka. Varaordførar Ragnfrid Sønstabø (H) fremja fleirtalet si innstilling om å oppretthalda vedtaket frå kommunestyret 17. juni. 

Frode Urangsæter (FrP) fremja mindretalet sitt framlegg om lovlegkontroll. Her gjer dei gjeldande at det i saksframlegget er fleire påstandar og konklusjonar som er direkte feil eller ikkje tilstrekkeleg underbygd med fakta. Vidare vert det gjort gjeldande at vedtaket ikkje er forsvarleg utgreidd. 

No skal vedtaket om lovlegkontroll til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.  

Sjå også Formannskapet - møteinnkalling og protokoll 5.9.24

Samlar drifta av helsestasjonen

Kommunestyret sitt fleirtal på 15 vedtok mot 12 røyster å samla drifta av helsestasjonen i tråd med utval for levekår si fleirtalsinnstilling. Mindretalet meiner dette er ei sentralisering som utarmar delsentra. Fleirtalet meiner at å samla drifta av helsestasjonstilbodet på Svortland vil sikra eit likeverdig helsestasjonstilbod for alle barnefamiliar i kommunen.

Sjå også Utval for levekår - møteinnkalling og protokoll 3.9.24

Vedtok planstrategien

Planstrategien er ein plan for dei planane det sitjande kommunestyret skal vedta dei komande fire åra. Christer Agasøster (H) fremja eit forslag om å få prioritert opp ein områdeplan for Svortland sentrum allereie i budsjettet for 2025, og særskild kva ein skal gjere med gamle Bremnes ungdomsskule. Birgit Sønstabø (KrF) tok til orde for at universell utforming vert innarbeidd på alle område der dette er aktuelt.

Sjå også artikkelen Framlegg til planstrategi 2024-2030

Opnar for fast busetjing i fritidsbustad

Det kan søkjast om mellombels dispensasjon frå gjeldande plan om bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad, jf. plan- og bygningslova §19-3. Slike søknader vil følgje vanlege saksbehandlingsreglar i samsvar med plan- og bygningslova og kommunen sitt delegasjonsreglement. Dispensasjon føreset at ein er, eller blir, registrert i Bømlo kommune i Folkeregisteret. 

Dispensasjon kan  berre gjevast i regulerte hyttefelt/område regulert til fritidsbustad. Dispensasjonen skal vere knytt til heimelshavar/brukar av bygget, og kan ikkje overdragast ved arv eller sal av eigedommen. I slike tilfelle vil fritidseigedommen utan nærare varsel framleis vere å sjå som ein fritidsbustad.

Dispensasjonsvedtaket må ha med følgjande vilkår:

  • Fritidsbustaden skal ha innlagt vatn og straum
  • Avlaupsløysinga skal tilfredsstille krav til einebustad
  • Eigar har ansvar for at tilkomsten skal vere vinterbrøyta, og at tilkomsten ikkje vert knytt til stengt bomveg
  • Fritidsbustaden skal vere underlagt same krav til feiing og tilsyn som i ein heilårsbustad
  • Kommunale avgifter skal betalast i forhold til bruk, dvs. at ved mellombels bruksendring skal det betalast gebyr som for einebustad
  • Fritidsbustad med mellombels dispensasjon til bustad skal nytte same renovasjonsordning som før
  • Tiltaket skal evaluerast

 Sjå også møteinnkalling og protokoll frå utval for areal og samferdsle 4.9.24 

Sjå også artikkelen Tunge saker opp i kommunestyret

Fritak og nyval

Fleirtalet i kommunestyret innvilga Siv Linda Vespestad, Bømlo Arbeiderparti, sin søknad om fritak ut valperioden frå sine verv som folkevald i kommunestyret, formannskapet, ungdomsrådet, samt andre styreverv. Grunngjevinga er studiar ved Høgskulen i Innlandet som no medfører meir fråvær og ein høgare belastning.

INP sitt framlegg om å utsetja suppleringsvalet vart nedstemt. Dei utfordra Arbeidarpartiet si innstilling på supplering til vararepresentantar til formannskapet:

  • Kommunestyret - Eline Kolbjørnsen (automatisk opprykk etter varaliste frå kommunestyrevalet)
  • Formannskapet - Mari Pedersen Totland (ny fast representant) - samrøystes
    - Sverre Hagerup Sørensen (1. vara) - 21 mot 6 røyster
    - Eline Kolbjørnsen (6. vara) - 25-2
  • Ungdomsrådet - Mari Pedersen Totland - samrøystes

Ungdomsråd og Ungdata-undersøkinga

to unge jenter på talarstol i kommunestyre - Klikk for stort bileteAvtroppande nestleiar Hannah Oliva Høgmo Breivik (t.v) og påtroppande leiar Alis Natterøy i Bømlo ungdomsråd orienterte kommunestyret om ungdomsrådet sine aktivitetar. Simon Knutsson Sortland

SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter presenterte resultata frå Ungdata-undersøkinga 2024 som syner at Ni av ti unge bømlingar seier at dei har eit godt liv. Ungdata-undersøkinga syner at dei aller fleste har det bra. Færre er einsame og det er ikkje auke i  psykiske plager. Samstundes er mobbetala høge og det er nedgang i skuletrivsel. - Det er veldig bra at det er så mange som opplev at dei har det bra. Samstundes må me ikkje gløyme dei som kjenner seg einsame, mobba osb. Me oppmodar til at me må ta ekstra vare på kvarandre og sjå kvarandre, oppmoda avtroppande leiar Bjarte Notland Tjensvoll og nestleiar Hannah Oliva Høgmo Breivik i Bømlo ungdomsråd.

Breivik og påtroppande leiar Alis Natterøy fekk presentera Bømlo ungdomsråd og deira arbeid. Det gjaldt både arbeidet med mental helse, deltaking i Erasmus ungdom pluss sin sturidetur til Hellas, Mostratinget for unge og arbneidet elles med 1000-årsjubileet og ungdomsrådssamlinga saman med Askøy kommune. 

Bømlo ungdomsråd på Facebook

Bømlo ungdomsråd på Instagram

Til toppen