Finn din "Balanse i kvardagen"

Rask psykisk helsehjelp (RPH) i Bømlo kommune tilbyr eit gratis kurs kalla Balanse i kvardagen med oppstart onsdag 6. november. 

Kurset Balanse i kvardagen passar for deg som kanskje meiner du er for frisk til å søkja hjelp sjølv om du opplev kvardagen din som utfordrande, eller du som ynskjer hjelp til å finna balanse mellom krav/forventningar og eigne ressursar. 

I dette kurset får du verkty som kan hjelpe deg med dette. Det er mellom anna ei innføring i kognitiv terapi, verktøy som kan hjelpe deg å handtera tankar og kjensler på ein god måte, moglegheit til å utforske og ta tak i utfordringar før dei blir for store, og hjelp til sjølvhjelp.

Kurset er gratis og går over fire samlingar med to timar varigheit kvar gong. Kurstidene er onsdagar klokka 15.30-17.30. Dette er eit undervisningsbasert kurs, altså der ein ikkje deler eigne erfaringar.

Påmeldingsfrist er 3. november. 

NB: Avgrensa tal plassar.

Er du interessert send påmelding på e-post til: marie.rosvik.haldorsen@bomlo.kommune.no

Til toppen