Festdag for fiskerihamna

Langevåg var kledd til fest då moloen og fiskerihamna i Hovlandshagen vart offisielt opna fredag. Ruth-Berny Skjetne Lønning losa arrangementet trygt i hamn både ved Stora Bleikjå og samlinga i Langevåg Bygdatun etterpå.

mykje folk langs molo - Klikk for stort bileteDet talrike publikumet fekk servert is, brus, pølser, kaffi og kaker under den offisielle opninga av Bømlo fiskerihamn. Simon Knutsson Sortland

- Dette er den beste dagen i mitt liv, var det ein 3. klassing som sa til meg i dag. Om det var isen eller skuleferien som stod for tur som var avgjerande veit eg ikkje. Eg fekk også klåre meldingar om lokalpolitikken frå ein annan elev, så då er me der me skal vere. Gratulera med dagen alle saman.

Slik innleia ordførar Morten Helland si helsing til det talrike publikumet som i tillegg til strålande solskinsvêr fekk servering av is, brus, pølser i brød, kaffi og kake akkompagnert av tonar frå Hillestveit musikkorps. Elevane var også med på sjølve snorklyppinga der fylkesordførar Jon Askeland fekk æra av å bruka saksa.

Størst i Norge

Det lokale næringslivet med pådrivarselskapet Bømlo fiskerihavn AS i brodden saman med Bømlo kommune, Vestland fylkeskommune, Karmsund Hamn og Kystverket kunne feira eit 13 år langt samarbeid som er krona med suksess og ei fiskerihamn som no er klar for framtidig utbygging. Nettopp samarbeidet og eit felles mål vart understreka i dei mange helsingane for dagen. Forutan dei nemnde ovanfor deltok også fleire ordførarar frå Sunnhordlandskommunar og stortingsrepresentantane Odd Harald Hovland (Ap) og Liv Kari Eskeland (H).

Det var dagen for å dra fram dei store orda. Men fakta er også at moloen er Norge sin lengste med sine 500 meter, det er nytta om lag 800 000 kubikk stein fordelt over ei botnbreidde på 128 meter og ei djupna på 43 meter. Uttaket av stein har skapt eit stort grovplanert industriområde. Entreprenøren Vassbakk og Stol har stått for arbeidet, og no står berre litt meir infrastruktur att før dei kan asfaltera og ferdigstilla moloen.

Lokale drivkrefter

Næringsaktørar på Langevåg forskotterte 165 millionar kroner til prosjektet. Bygghere Vestland fylkeskommune garanterte for tilbakebetalinga. Bømlo kommune garanterte for lånet og Kystverket tek sluttrekninga.

- Det er unikt at eit prosjekt i nasjonal Transportplan er privat forskottert, understreka då også dagleg leiar Lars Solberg i Bømlo fiskerihavn AS i si helsing. Han peika også på at tre ordførarar, tre rådmenn og eit engasjert kommunestyre har bidrege med arkeologiske utgravingar og erverv av land.

No er selskapet Hovlandshagen Utvikling AS etablert av Bømlo kommune og Karmsund havn. Selskapet skal sørga for vidare utvikling av kaiar og hamneområde. Saman med det lokale næringslivet skal industriområdet vidareutviklast.

Milliardinvesteringar

Frå 2019 er meir enn to milliardar kroner investert i utviding av skipsverft, utviding av lakseslakteri, utviding av maskineringsfabrikk, bløggebåtar, fiskefarty og konsesjonar. Dette har så langt skapt 155 direkte arbeidsplassar, dei fleste på Bømlo. Solberg orienterte også om vidare framtidsplanar der det mellom anna vil bli investert mellom halvannan til to milliardar kroner i fleire hundre nye grøne arbeidsplassar for regionen. Bømlo er ein stor fiskerikommune i vår region, der 48 prosent av den pelagiske trålkvoten er heimehøyrande.

Sjå også nettsida til Bømlo fiskerihavn

Til toppen