Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer ynskte velkomen til felles halvdagskurs i kulturhuset som samla nesten alle lærarane før skulestart torsdag 13. august.
Simon Knutsson Sortland
Kommunalsjef Torunn Laurhammer var glad for å kunne samla så mange til ein felles kurs- og orienteringsdag før skulestart. Ho peika på at dei var litt færre inviterte lærarar enn vanleg, noko som heng saman med lågare elevtal.
Bømlo kommune har i skuleåret 2026/2027 åtte grunnskular, 1546 elevar og det byrjar 141 spente førsteklassingar på første skuledag torsdag.
Halvdagssamlinga var for tilsette i skule og SFO. I tillegg var mellom anna PPT, skulehelsetenesta, Barne- og familietenesta, kommuneoverlege, barnehagestyrarar og førskulepedagogar inviterte.
Trude Havik frå Universitetet i Stavanger heldt fagleg innlegg om skulefråvær.
Ulike starttidspunkt torsdag
Grunnskule-elevane startar torsdag 13. august. Oppstart er kl 8:30 for elevane ved BUS, Svortland, Meling, Rubbestadneset, Gilje og Moster, medan Våge byrjar kl 8:20 og Hillestveit kl 8:45. Morgon SFO opnar kl 7:00.