Felles råd skal gjera det lettare å setja grenser

Foreldre til elevar på 1., 5. og 8. trinn får i haust ein ny brosjyre med råd om helse, trivsel og oppvekst. Kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen håpar brosjyren kan gi foreldra eit felles utgangspunkt når dei snakkar om grenser.

infofolder om helse til unge - Klikk for stort bileteFramsida på informasjonsfalder til foreldre med born i 1.-4. klasse. Illustrasjon

Skjermbruk, søvn, kosthald, energidrikk, fysisk aktivitet, rus, mobbing og trivsel er blant temaa i dei nye brosjyrane som Bømlo kommune deler ut i grunnskulen.

Nasjonale tilrådingar

Råda byggjer på nasjonale tilrådingar og kunnskap frå fagmiljø. Innhaldet er tilpassa alderen på barna og sett saman med lokale tal og innspel frå barn og unge. 

– Eg håpar brosjyren kan vera til hjelp for foreldre som ønskjer å samarbeida om grenser. Det finst mykje kunnskap, men det er ikkje alltid like lett å ha oversikt over alt. Målet er at me får tilgang til den same kunnskapen, slik at me kan ta meir samordna val, seier kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen.

Brosjyrane gir ikkje ei oppskrift på korleis foreldre skal løysa alle situasjonar. Dei skal gi kunnskap og eit utgangspunkt for refleksjon og samtale.– Dersom me vel å gjera noko anna enn dei nasjonale råda, bør me vera medvitne om valet og ha ein tanke om korleis me vil følgja det opp. Det kan til dømes gjelda dersom me let barn bruka sosiale medium før aldersgrensa, seier Særsten Halvorsen.

Ho peikar på at vala i éin familie også kan få følgjer for andre.

– Mykje av det me gjer som foreldre, påverkar ikkje berre våre eigne barn, men også andre sine. Det bør me vera medvitne om.

Barna ønskjer meir samarbeid mellom foreldra

Brosjyrane har mellom anna bakgrunn i kommunen sitt arbeid etter Ungdata-undersøkinga. Barn og unge har fått koma med innspel til resultata og fortelja kva dei meiner er viktig i kvardagen.

Eit gjennomgåande innspel var at dei ønskjer foreldre som viser interesse, spør korleis dei har det og snakkar med andre vaksne om grenser og forventningar. Fleire peika på at det kan vera vanskeleg når reglane varierer mykje mellom heimane.

Kommunen ønskjer difor at brosjyrane kan opna for samtalar både heime og mellom foreldra i ein klasse. Målet er ikkje at alle familiar skal gjera alt likt, men at foreldra skal kjenna råda og ta medvitne val.

Råd for ulike aldrar

Kommuneoverlegen har laga tre brosjyrar med råd for barn på 1. til 4. trinn, 5. til 7. trinn og 8. til 10. trinn. Temaa går igjen, men råda og dei praktiske døma varierer etter alderen på barna. 

Kvart tema forklarer kva rådet er, kvifor det er viktig og kva foreldra kan gjera i kvardagen. Foreldre får brosjyren på det første foreldremøtet på 1., 5. og 8. trinn. Skulen vil prøva å få brosjyren fram til foreldre som ikkje deltek på møtet. 

Kommunen har valt desse trinna fordi dei markerer overgangar i skuleløpet. Dei digitale utgåvene gir foreldre på alle trinn tilgang til råda.

Les Meldingssak om Informasjonsprogram til foreldre (PDF, 2 MB)

Les brosjyrane her:
Råd for god helse og trivsel på 1. til 4. trinn (PDF, 3 MB)
Råd for god helse og trivsel på 5. til 7. trinn (PDF, 4 MB)
Råd for god helse og trivsel på 8. til 10. trinn (PDF, 462 kB)