Ekstrainnsats for like høve i 2024

Inkludering er føremålet i år der Bømlo idrettsråd fordelar 132 335 kroner til barneidretten i Bømlo kommune.

Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som har sett av 100 millionar kroner til inkludering for å leggje til rette for at fleire barn og unge skal ha høve til å delta i fritidsaktivitetar. Bømlo idrettsråd har fått tildelt 132 335 kroner av denne potten.

Barn og ungdom mellom 6 og 19

KUD har skrive følgjande om føremålet med tilskotet: «Tilskotet er ein ekstrainnsats for å bidra til at alle barn og ungdom mellom 6 og 19 år får like høve til å delta i idrett uavhengig av kvar dei bur og familiane sine sosioøkonomiske ressursar. Midlane skal understøtte idrettslaga sitt arbeid med å inkludere barn og ungdom mellom 6 og 19 år som fell utanfor på grunn av sosial ulikskap og sosioøkonomiske årsaker. Midlane skal òg bidra til å halde foreldrebetalinga og aktivitetar som er kostnadsdrivande nede.

Bømlo idrettsråd har etter vedtak på styremøte i Bømlo idrettsråd 18.03.24 vedteke at følgjande fordelingsnøkkel skal brukast: 10% av dei totalt tildelte midlane skal fordelast på dei laga som har gyldig registrering som Reint idrettslag. Resten fordelast etter talet på medlemmar i aldersgruppa 6-19 år. 

Sjå tabellen under for fordeling per lag/klubb.

tabell over pengetildeling idrettslag - Klikk for stort bileteSlik fordelar Bømlo idrettsråd tildelinga frå Kultur- og likestillingsdepartementet.


 

Til toppen