Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Eit godt liv - heile livet

Har du tenkt på korleis du ønskjer at livet ditt som pensjonist skal sjå ut? Eit godt liv heile livet handlar ofte om å halde fram med mykje av det du trivst med i dag. Du må berre planlegge litt.

Det er ulikt frå person til person kva som får oss til å kjenne oss heime ein stad. For somme er det sjølve bustaden, og minna som er knytt til han, medan for andre kan det vere nærmiljøet, det sosiale nettverket, eller om vi har familie i nærleiken.

På nettsida planleggelitt.no finn du gode tips til kva du bør tenkje over og planlegge for når du nærmar deg pensjonsalder:

  • Har du familie og nære venner i nærleiken der du bur no, eller ønskjer du å flytte nærare dei?
  • Kjenner du deg trygg der du bur, med gode naboar og nærmiljø du trivst i?
  • Kva gir deg glede i kvardagen?


Les meir på planleggelitt.no

Sjå heile På døra veke 41 (PDF, 2 MB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 41 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er korleis leve eit godt liv heile livet. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

Til toppen