Brustenging onsdag 30.10 kveld/natt

Bømlabrua vert stengd kveld/natt onsdag 30. oktober mellom klokka 22.00-02.00. Litt uvisst kor lenge, men det vert to løft så operatøren reknar med å vere ferdig ca. kl. 02.00. 

Digitaliserte kulturskattar

Bømlo kommune har digitalisert gamle lydkassettar med historisk innhald. 

plakat med bilde av kulturhus - Klikk for stort bileteDigitaliserte kulturskattar er tema i På døra veke 39.

Desse kulturminna er ei kjelde til kunnskap om eiga historie, opplevingar, grunnlag for verdiskaping og styrking av identitet, fellesskap og stadtilhøyrsle.
Her finn du opptak av samtalar med personar som fortel om sine levevilkår rundtårhundreskiftet, minnestoff frå okkupasjonsåra, om skulen før i tida, misjonsforeiningsliv, song- og musikktradisjonar m.m. Opptaka er spor etter menneska sitt liv og virke, knytt til historiske hendingar, tru og tradisjon. 

Lydspora finn du ved å setje mobilkamera føre qr-koden og trykkje på linken som kjem opp.

Du finn det også ved å gå inn på Bømlo kommune sine nettsider

Sjå heile På døra veke 39 (PDF, 2 MB)

Feil tidspunkt i aktivitetskalenderen

Arrangementet Framtidsfullmakt er på kulturhuset onsdag 25. september kl. 18.00 (ikkje kl. 19.00 slik det står i den trykte versjonen levert med postboda).

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender På døra veke 39.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 39 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er historiske lydfiler som er digitaliserte. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

Til toppen