Trålaren "Trygvason" til kai ved moloen i Hovlandshagen.
Trygvason AS
Bømlo er ein av sju kommunar som er nominerte til prisen «Årets maritime kommune». Vinnaren får prisen under Arendalsuka. I år står kampen mellom Bømlo, Grimstad, Sandefjord, Sola, Tromsø, Trondheim og Ulstein. Dei regionale maritime fora har foreslått nominasjonane. Sverre Meling i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland seier Bømlo er vald fordi kommunen skårar høgt på fleire viktige kriterium.
Gå inn og gje di stemme til Bømlo kommune
Vurderer styrke, verdiskaping og innovasjon
Kriteria handlar mellom anna om maritim styrke, ringverknader for sysselsetting og verdiskaping, lokalpolitisk satsing, innovasjon og regional betydning. Bømlo har ei sterk maritim klynge med rederi, verft, leverandørar og utdanningsmiljø. Ifølgje Maritim Rapport 2026 hadde dei maritime verksemdene på Bømlo ei samla omsetning på 5,3 milliardar kroner i 2025. Dei same verksemdene sysselsette 1.642 personar. Tala omfattar ikkje fiskeri og havbruk. Bømlo kommune har heile den maritime klynga representert. Det gjeld rederi, verft, utdanningsinstitusjonar og maritime leverandørar og tenesteytande verksemder.
Sjå også artikkel i Maritimt Forum
Omstilling og grøn utvikling
Maritimt Forum trekkjer også fram evna Bømlo har til omstilling og grøn utvikling. Eit døme er Eidesvik Offshore, som satsar på nye drivstoffløysingar. Eit anna døme er det maritime industrimiljøet rundt Rubbestadneset.
Bømlo kommune har over fleire år lagt til rette for vidare vekst. Kommunen har mellom anna regulert næringsareal og utvikla viktige prosjekt som fiskerihamna i Langevåg.
Den maritime historia på Bømlo strekkjer seg langt tilbake i tid. Det er bygd kunnskap, skapt arbeidsplassar og utvikla løysingar langs kysten i generasjonar. No er det dagens sterke næringsmiljø og den framtidsretta satsinga som kan gi kommunen ei nasjonal utmerking.
No treng Bømlo di stemme
God belegg ved kaien til Wärtsilä Norge i Rubbestadneset.
Simon Knutsson Sortland
Nominasjonen er ei anerkjenning av det bømlingar har fått til saman. No kan heile lokalsamfunnet vera med og løfta Bømlo heilt til topps.
Er du bømling, utflytta bømling eller berre glad i kysten og verdiane Bømlo står for? Då kan du visa støtte.
- Gå inn og stem på Bømlo.
- Del vidare og få med deg fleire.
- Vis at Bømlo står samla.
Dette handlar om stoltheit, framtidstru og om å visa resten av landet at Bømlo er ein leiande maritim kommune, også i åra som kjem.