Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Bli med i Bømlo ungdomsråd

Er du i alderen 13-19 år og brenn for ungdomane sine tilbod eller mangel på tilbod i kommunen din? Då har du sjansen her til å vere med og påverke saman med andre ungdomar. Opplæringa startar med ei to-dagars samling i Bergen.

Bømlo ungdomsråd består av 12 ungdomar i alderen 13-19 år som i hovudsak representerer ungdomsskulane og Bømlo vidaregåande skule. Ungdomsrådet er eit lovpålagt råd som skal vera talerøyr for ungdomane sine interesser og skal involverast i ulike saker som er aktuelle i kommunen. Ungdomane på Bømlo har dei seinare åra vore veldig aktive og flinke og i tillegg til «styret» på 12 personar, har det også vore ulike arbeids-/fokusgrupper som mellom anna har jobba med fritidstilbod (og oppstart av Gamle BUS møteplass for unge), transport, psykisk helse og rus, skule m.m.

Bømlo ungdomsråd på Facebook Bømlo ungdomsråd på Instagram

Ungdomsstyrt oppstartkonferanse i Bergen

gut og jente presenterer på storskjerm - Klikk for stort bileteBømlo ungdomsråd la ut dette bilete frå oppstartssamlinga i fjor. Bømlo ungdomsråd

Dei siste tre åra har arbeidsåret til ungdomsrådet starta med ein oppstartkonferanse saman med Ungdommens kommunestyre Askøy. Her har 80 ungdomar frå dei to kommunane delteke på eit todagars seminar på hotell i Bergen for å læra meir om å representera ungdomane i kommunen og for å bestemme kva ungdomsrådet skal jobba med det komande året. Leiar og nestleiar for rådet blir også valde på samlinga.

Samlinga er ungdomsstyrt, noko som betyr at ungdommane er sentrale både i planlegging og gjennomføring av samlinga. Det er stort sett ungdommar som held innlegg og leiar dei to dagane 19. og 20. september.

- Tilskotsmidlar i frå Erasmus+Ungdom gjer at me kan betale for denne samlinga og me ønskjer å invitere inn ungdomar i frå lag og organisasjonar som har, eller ønskjer å engasjere seg i saker som gjeld ungdomane på Bømlo. Opphald og reise er difor gratis for deltakarane. Samlinga er for ungdommar i frå 10.klasse, opplyser Johanne Kristiansen, rådgjevar for folkehelse og frivilligheit og  koordinator for ungdomsrådet i Bømlo kommune.

Dei vaksne frå Bømlo er koordinatoren for ungdomsrådet, SLT koordinator, helsesjukepleiar og fleire andre kommunalt tilsette. Også lokalpolitikarar og andre blir inviterte med for å delta på heile eller deler av samlinga. Arrangementet er gratis for alle deltakarane og er heilt rusfritt - både for dei under og over 18 år.

Så om de har ungdomar som de trur kan ha lyst til å vera med på samlinga og som kanskje kan tenkje seg å engasjere seg i ungdomsrådet eller i ei av arbeidsgruppene det komande skuleåret er det fint om de kan sende denne informasjonen vidare til ungdomar (eller foreldre til ungdommar) som de trur kan ha interesse av å vera med, oppmodar Kristiansen.

Etter at alle søknadane om å vera med i Bømlo Ungdomsråd er komne inn, blir dei som skal vera med i ungdomsrådet valde i byrjinga av oktober.  

Hugs påmeldingsfristen som er 9. september.

Sjå meir informasjon om samlinga  (PDF, 4 MB)

Under er qr-kodar for å melda seg på oppstartsamlinga og/eller å melda di interesse for ein plass i ungdomsrådet.

qr-kode - Klikk for stort biletePåmeldingskode for ungdomssamlinga i september.

 

qr-kode - Klikk for stort biletePåmeldingskode for å bli medlem i Bømlo ungdomsråd 2024-2025
Til toppen