Arealplan og økonomi på dagsorden

Økonomisaker og framdrifta av kommunedelplanen sin arealdel (KPA) stod på dagsorden i formannskapsmøtet torsdag 5. september. Det var i tillegg mange spørsmål og interpellasjonar, noko som utløyste eit ordskifte om politisk samarbeid og saksbehandling.

Møteinnkalling og protokoll møte i formannskapet 5.9.2024

  • Formannskapet tok til vitande at ordførar måtte nytta sommarfullmakta si til å auka trekkretten med 10 millionar kroner for lønskøyring i august og september.  
  • Dei var samde om at Bømlo kommune held fram deltakinga og samarbeidet i Invest in Sunnhordland. Målet deira er å etablera ny og berekraftig industriell verksemd i Sunnhordland i nært samarbeid med Vestland fylkeskommune. Ordførar vil spela inn at sjømat og havbruksnæringa får ein større plass i avtalen som per dato hovudsakleg omhandlar industri. 
  • Dei er også samde i at kommunen i sin høyringsuttale til Kultur- og likestillingsdepartementet går inn for å behalda dagens ordning i spelemiddelordninga for anlegg til idrett og fysisk aktivitet. Ikkje minst at gardslag, velforeiningar, grendautval og liknande framleis kan søkje om midlar til nærmiljøanlegg
  • I saka om lovlegkontroll av kommunestyrevedtaket Sjukeheimstilbod og heimetenester (mandat 42) røysta fleirtalet (FrP 2, INP 2 og Sp) i formannskapet mot kommunedirektøren sitt framlegg.  Mindretalet på fire (KrF 2, H og SV) røysta for kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak. Det seier at kommunestyret opprettheld vedtaket sitt i sak PS 38/2024 som lovleg og at krav om lovlegkontroll vert sendt Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Det er kommunestyret sjølv som skal avgjera krav om lovlegkontroll då det er dei som har fatta vedtaket. Om kommunestyret gjer liknande vedtak som fleirtalsrådinga frå formannskapet må heile saka opp på nytt.
  • Formannskapet vedtok med 5 mot fire røyster (FrP 2, INP 2) å tilrå kommunestyret å innvilga ein lånegaranti på 30 millionar kroner til BKE AS. 
  • Formannskapet vedtok samrøystes i å gi 24.000 kroner i bidrag til TV-aksjonen 2024 og Barnekreftforeininga sitt arbeid. 
  • Vinmonopolet fekk samrøystes fornya sitt salsløyve for alkoholhaldig drikk med høgare enn 4,7 volumprosent i Bømlo kommune i butikklokalet i Sekstanten. 
  • Straumshaugane er no offisielt vegnamn på adressekode 1325 etter samrøystes vedtak i formannskapet. Dette gjeld adressering av campingplass og hyttefelt for reguleringsplanen Straumshaugane ved Kulleseidkanalen som ikkje har fått tildelt adressenamn. Kanalvegen går forbi området.

Økonomi og trafikk

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter informerte om HMS, økonomi og hadde ei spesiell bekymring for trafikktryggleiken i kommunen.  Prognosen for meirforbruk er framleis høg, men går noko ned. Driftsrapporten til og med juli viser eit meirforbruk på 23 millionar kroner der prognosen for året per no er 20 millionar kroner. Han orienterte også om avvik i skulen og at avviksrapportering er viktig for kvalitetsarbeidet. Til slutt tok kommunedirektøren opp tema om ungdom i trafikken etter nok ei ulukke med lett motorsykkel. Haldningsarbeid og politikontrollar vart diskutert.

Ordførar Morten Helland oppmoda om at også foreldre tek opp trafikkultur i heimen med ungdomane våre. Han orienterte deretter om Bømlopakken etter onsdagens møte i Kontaktutvalet. Mars 2025 er no sett som tidspunkt for ferdigstilling Notland-Mosterhamn. For Sakseid-Hestanes-Ekornsæter er alle grunneigaravtalar no på plass. Sannsynleg oppstart er november 2024 med ferdigstilling 2027. Kraftsituasjonen vart også orientert om. 

Formannskapet diskuterte særleg ein heilskapleg sentrumsplan før dei samrøystes vedtok Planstrategi for Bømlo kommune 2024-2030. Eit av tema var eventuelt sal av tomta ved gamle Bremnes ungdomsskule. 

Framdrift i KPA-arbeidet

mange personar rundt møtebord og storskjerm i bakgrunnen - Klikk for stort bileteRådgjevar plan Renate Torkelsen orienterer styringsgruppa om framdrifta i arebidet med kommuneplanen sin arealdel. Simon Knutsson Sortland

Rådgjevar arealplan Renate Torkelsen orienterte styringsgruppa for kommuneplanen sin arealdel (KPA) om status og framdrift. Det er kome inn omlag 540 merknadar, der 367 er teke med etter første siling. Av desse var 210 merknadar til byggjegrense og ein god del til arealføremål. 

I siling 2 vil ein sila ut vidare der det ikkje føreligg nye moment eller faktafeil. Heilt til slutt blir det ei siling med overordna vurdering og opp mot motsegner og eksisterande bruk. Deretter skal det gjerast konsekvensutgreiing/endeleg vurdering og revideringar av planen.

Vidare framdrift blir eit planlagt arbeidsgruppemøte der politikarar og administrasjon har diskusjon kring motsegnene og gjennomgang av siling. Vidare avklaringar kring motsegner med regionale og statlege mynde. Formannskapet/styringsgruppa vil gjere politiske vedtak etterkvart som dei ulike silingane vert ferdigstilt. Ei arbeidsgruppa på fem personar vert vald av kommunestyret 23. september.

Formannskapet var glad for og tilrådde samrøystes at saka som gir oversikt over kommunale eigedomar vert teken til orientering av kommunestyret.
 

Mange spørsmål og interpellasjonar

Formannskapet hadde ei stor mengd meldingssaker, spørsmål og interpellasjonar i tillegg til vanlege politiske saker på dagsorden i dette møtet. Ordførar Morten Helland tok opp til debatt korleis dei folkevalde kan  jobba saman for å sikra forsvarlege vedtak og få ei best mogleg ressursutnytting i administrasjonen.

-  Vår jobb er å styra etter vedtak, men utviklinga går mot at me blir meir eit kontrollorgan enn eit styringsorgan. Me kan freista få svar på ting ved å bruka kvarandre meir, og kanskje søkja informasjon sjølv før ein stiller spørsmål og interpellasjonar som administrasjonen må svara ut. Det kan ofte vere betre at ein heller bed om ei politisk sak, meiner Helland. 

Han synte til kommunelova og kommunen sitt saksbehandlingsreglement for interpellasjonar: «Dersom det gjennom ein interpellasjon er uttrykt eit ønskje om at det folkevalde organet skal uttala seg om ei sak, krevst det at møteleiar eller 1/3 av medlemmane i det folkevalde organet ikkje motset seg realitetsbehandling, jf. Kommunelova §11-3.» 

Kommunelova seier også at på tilsvarande måte kan organet fatte vedtak i ei sak der saksdokumenta ikkje er sendt ut saman med innkallinga, dersom ikkje møteleiar eller minst 1/3 av dei møtande medlemane motset seg det.» Kommunaldepartementet poengterer i denne samanheng at det vesentlege er føresegnene om retten til å motsette seg vedtak i ei sak som ikkje er forsvarleg utgreidd av kommunedirektøren, og slik ikkje gir eit faktisk og rettsleg grunnlag for å fatte vedtak.

Næringssaker og sjukeheimstilbod

Joar Nesse (INP) hadde fremja tre interpellasjonar vedrørande næringsutvikling i Bømlo fiskerihavn, sal av eigedom på tidlegare “Havlandet”-tomta og tilsetjingsstopp og permitteringar i kommunen.  

Dei framsette interpellasjonane er slik at det blir bede om å gjere vedtak, utan at saka står på sakslista (som politisk sak) og heller ikkje er saksutgreidd og vurdert av administrasjonen. Med dette som grunngjeving meinte ordføraren at det ikkje kunne opnast for realitetshandsaming av vedtak i desse interpellasjonane. Helland minna om at dersom ein tredel av eit utval bed om det skal ei sak setjast opp på det politiske sakskartet til utvalet.

Interpellasjon frå Frode Urangsæter (FrP) om Sjukeheimstilbud og heimetenester (mandat 42) vart av ordføraren tolka som framlegg til vedtak om ny behandling av ei sak. Vedtaket i denne tidlegare saka er konkret oppe til debatt i ei sak som er på sakskartet i dette formannskapet, PS 27/24 "Krav om lovlegkontroll - Sjukeheimstilbod og heimetenester (mandat 42)".  

Ordføraren synte til Bømlo kommune sitt saksbehandlingsreglement kap. 5.1: “Spørsmål og interpellasjonar kan ikkje stillast til konkrete saker som er til behandling i folkevalde organ eller til same innhald i spørsmål eller interpellasjon som enno ikkje har blitt svara ut, eller har blitt stilt i andre organ med same innhald, i same perioden. Ved tvil avgjer ordførar eller møteleiar om spørsmålet/interpellasjonen kan bli stilt.” Realiteten i dette framlegget til vedtak vil prøvast i saka PS 27/24, og dermed avviste ordføraren denne interpellasjonen.

Bjørn Asle Teige (Sp) var ikkje heilt nøgd med svaret på sitt spørsmål om etterlysing av rapporten frå ei arbeidsgruppe nedsett etter budsjettvedtak desember 2022 for å få brei gjennomgang av driftsnivået for heile kommunen. Ordføraren sa på si side at månadlege driftsrapportar i formannskap, tertialrapportar og budsjettvedtak i kommunestyret gir politikarane ei god heilskapleg oversikt. 

Til toppen