Om Meling skule

Bømlo kommune tok frå skuleåret 2021/2022 i bruk Vigilo som oppvekstadministrativt system for skule.

SFO og barnehagar i kommunen brukar allereie løysinga.

 

Føresette kan logge inn på løysinga ved å gå til vigilo.no/bomlo og logge inn med BankID.

Her finn ein også nedlasting av app, informasjon og veiledningar.

     

uteområde meling skule og sfo - Klikk for stort bilete Simon Knutsson Sortland

 

 

Meling skule har rundt 180 elevar, fordelt på 9 klassar frå 1.-7.trinn, og omlag 90 elevar på SFO. Den er bygd i 1999, og i 2021 fekk vi eit moderne påbygg med to nye klasserom, grupperom og stor SFO avdeling. 

Meling skule ligg på Melingsheio, ca 2 km frå Svortland sentrum.

Skulen har eit stort og fint bibliotek, kunst- og handverksrom, musikkrom, stor gymsal og nyleg renovert skulekjøken. I samband med utbygginga vil personalet få nytt arbeidsrom og personalrom.

Elevane har eit stort og godt uteområde å leika på, med leikeapparat, ballbinge og kunstgrasbane. I samband med utbygginga vert også uteområdet oppgradert med nye leikeapparat og beplantning. Meling skule ligg tett på fine naturområder og turløyper, og elevane har ofte læringsøkter ute i naturen.

Til toppen