Arbeid i eller langs kommunal veg

Dersom du skal gjera arbeid i eller langs kommunal veg, må du først innhenta graveløyve og godkjent plan for arbeidsvarsling. Du må også gravemelda arbeidet for å unngå personskader frå el-kablar, eller skader på tekniske anlegg.

Ved alt arbeid i eller ved vegbana som t.d. vegkryssing med grøft eller linjestrekk, må du søkja om løyve til dette på særskilt skjema til Bømlo kommune. 

Søknad om graveløyve (PDF, 531 kB)

Send søknaden i pdf format på e-post her 

Du må også laga ein plan for arbeidsvarsling. 

Mal for arbeidsvarslingsplan (XLSX, 162 kB)

Send arbeidsvarslingsplan i xls format for godkjenning på e-post her

Alle som arbeider i eller ved kommunal veg eller som skal stå som ansvarleg for slikt arbeid, skal ha gyldig kursbevis i arbeidsvarsling, høvesvis kurs nummer 1 eller kurs nummer 2.

Alt gravearbeid skal gravemeldast både til BVA AS og til andre leidningsleggjande etatar.

Her kan du gravemelda til BVA 

Her kan du gravemelda til alle andre

Til toppen