Vegetasjon langs kommunale og offentlege vegar

Bømlo kommune er opptatt av trafikksikkerheit for mjuke trafikkantar. 

Har du tre, hekk eller buskar på eigedommen din må du klyppa desse slik at bilistar ikkje overser gåande og syklistar. 

Kommunen har ansvar for å klyppa vegetasjon som veks langs kommunale vegar, medan Statens vegvesen har ansvaret langs fylkesvegar, riksvegar og europavegar. Eig du eller disponerer eigedom som har avkøyrsel til veg eller gang- og sykkelveg, har du ansvar for å sørga for fri sikt ved avkøyrselen din og mot vegkryss.

Klypp av tre, hekkar og buskar
Store tre, hekkar og buskar ved avkøyrsle og langs vegen kan hindre fri sikt og skapa trafikkfarlege situasjonar. Det er den enkelte hus- og hageeigar sitt ansvar å klyppa ned eiga vegetasjon og sørga for god sikt på sin eigedom. Dette er bestemt i vegloven §31 og §43

Om du har trer ut mot vegen, fortau eller gang- og sykkelveg, må ikkje greiner henga lågare enn 5 meter over vegbanen. Over fortau og gang- og sykkelveg må ikkje greiner henge lågare enn 3 meter. Eigar er og ansvarleg for å fjerne greiner som fell ned.
 

Foto: Statens vegvesen

For å hindra at tre, hekkar og buskar veks ut i veg- og fortausareal ber kommunen eigarar langs veg om å halde vegetasjonen nede på eiga eigedom. Vegetasjon må heller ikkje skjule vegmerking, vegskilt, gatelys eller leidningar. 

Du har ansvar for å sørga for fri sikt i di avkøyrsle om du eig ein eigedom som har avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg. 

Det er særleg viktig å klyppa vegetasjon i vekstsesong og før skulestart i august.

Krav til fri sikt når avkøyrselen din kryssar gang- og sykkelveg
Høgde på hekk og gjerde må ikkje overstiga 0,5 meter over gateplan i frisiktsona om avkøyrselen din kryssar gang- og sykkelveg.
Hekken din må vera lågare enn 0,5 meter (alternativ 1) eller flytt hekken eller gjerdet utanfor frisiktsona. Frisiktsona er merka rosa i illustrasjonsbildet (alternativ 2).
 

Foto: Statens vegvesen

Det skal vera 3 meter fri sikt inn i avkøyrselen din. Det vil sei at du skal kunne sjå midten av gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side når du står 3 meter inn i avkøyrselen din. Merk at frisiktsona bør vera over 30 meter om gang- og sykkelvegen heller og syklistane held høg fart.

Krav til fri sikt når avkøyrselen din munnar ut i veg
Hekk og gjerde skal ikkje vera høgare enn 0,5 meter over gateplan om avkøyrselen din munnar ut i vegen. Du kan flytta hekk og gjerde utanfor frisiktsona. Frisiktsona er merka med raudstipla strek på bildet.

Foto: Statens vegvesen

Det skal vera 4 meter fri sikt inn i avkøyrselen din. Dette betyr at du skal sjå vegen når du står 4 meter inn i avkøyrselen.

Kor langt du skal sjå til kvar side avhenger av kva fartsgrensa er. Om fartsgrensa er 30 km/t skal du sjå vegen 20 meter i begge retningar. Avstanden aukar med fartsgrensa:
•    40 km/t: skal du sjå vegen 30 meter i begge retningar.
•    Ved 50 km/t skal du sjå vegen 45 meter i begge retningar.
•    Ved 60 km/t skal du sjå vegen 70 meter i begge retningar.
•    Ved 70 km/t skal du sjå vegen 90 meter i begge retningar.
  
Retningslinjer for vegetasjonsrydding langs veg (Vegvesen.no)

Til toppen