Vegvedlikehald og vinterberedskap

Bømlo kommune si driftsavdeling, Teknisk drift, har ansvaret for drift og vedlikehald av dei kommunale vegane. Vestland fylkeskommune har ansvar for vedlikehald av fylkesvegane.  

No kjem vinteren og det vert både kaldt og glatt. 

Eldre personar er særskilt utsette for fall på glatt føre, og uhell kan skje like utanfor heimen. 

Strøsand til eldre og uføre er eit enkelt førebyggjande tiltak.

I Bømlo kommune finn ein strøsand på desse punkta: 
        • I Hollundsdalen 59, teknisk driftsbygg frå kl. 07:00-15:00 (man-fred) 
        • Ved Teiglandshagen i ein strøkasse på parkeringsplassen 
        • Joker butikken på Finnås, på parkeringsplassen
Ein kan og hente strøsand i strøkassar langs etter kommunal veg.

Dei som hentar strøsand må ha med seg bøtte.

Tenk gjerne på familie, vener og naboer gjennom vinteren.  
Har du moglegheit til å strø sand eller brøyte inngangspartiet til nokon som ikkje klarar dette sjølve er dette ei gåve som enkelt gleda.   

Teknisk drift har ikkje kapasitet til å køyre ut på bestilling.

Snøbrøyting og strøing

Me har kommunal beredskap for brøyting og strøing av kommunale vegar, parkeringsplassar og areal rundt kommunale bygg i månadane november til mars. Me tek ikkje på oss brøyting eller strøing av private vegar.

Kontakt kvardagar frå kl. 07.00-15.00:  Mobil 941 07 581

Kontakt etter kl. 15.00 og i helger: Vakttelefon 913 30 814

Spørsmål om riks- og fylkesvegar rettast til Statens vegvesen - telefon 175

Kommunen er delt inn i 8 vegroder: 

  • Bremnes - Katla - Hiskjo - Stokkabekkvegen
  • Foldrøyhamn - Innvær
  • Rubbestadneset - Rolfsnes
  • Langevåg - Holme
  • Ådnanes - Gilje - Alvsvåg
  • Åreid - Finnås - Grutle
  • Moster - Håvik - Siggjarvåg
  • Espevær

Den første vegroda (Bremnes), vert drifta med eigne mannskap i særskilt vaktordning, medan dei sju siste vert drifta etter kontrakt med sjølvstendige entreprenørar.

Kart over kommunale brøyteroder (PDF, 3 MB)

Vakttelefonar snøbrøyting og strøing:

I samband med vinterberedskapen har me Vakttelefon 913 30 814. Det er ingen e-post knytt til nummeret, og vakta deltek òg i fysisk arbeid som brøyting og strøing. Fleire av maskinane våre manglar handsfree, og det er ikkje ønskjeleg å snakke i telefon under slikt krevjande arbeid. Me oppmodar publikum til å sende SMS med meldingar om kva vegar dei meiner treng brøyting eller strøing, heller enn å ringe. På den måten kan vakthavande lese meldingane mellom slaga. Det gjer det òg enklare å hugse kva som er blitt meldt. Me tek oss av oppgåvene så snart me kan.

Vinterberedskap
Kontakt Område/rode Telefonnummer
Teknisk drift Bremnes -Goddo/Brandasund-Hiskjo-Stokkabekkvegen-kommunale gangstier 913 30 814
Kontraktør Innvær-Rubbestadneset-Rolfsnes 917 48 806
Kontraktør Foldrøyhamn-Mækjebakken 404 01 968
Kontraktør Langevåg-Holme 404 01 968
Kontraktør Ådnanes–Gilje-Alvsvåg 993 89 776
Kontraktør Åreid-Finnås-Grutle 993 89 776
Kontraktør Moster-Håvik-Siggjarvåg 917 84 412
Kontraktør Espevær 404 68 020
Leiar teknisk drift 953 64 698
Brannvakt Bømlo 958 48 007
Brann 110 - sentral Sør-Vest ring 110 eller 519 18 520

 

Til toppen