Tilknyting til offentleg ledningsnettDersom det går offentleg vassleidning over eigedomen din, eller den ligg i vegen ved eigedomen din eller i anna nærliggjande areal, skal som utgangspunkt bygningen din koplast til denne.Bømlo vatn og avløpsselskap AS (BVA AS) har eigedomsretten og totalansvaret for offentleg vassanlegg i kommunen vår. Du må søkja BVA AS om å knyta deg til det offentlege leidningsnettet. Frå 01.11.21 har BVA AS teke i bruk ei ny elektronisk løysing for alle entreprenørar som skal gjera slikt søknadspliktig arbeid. Den elektroniske løysinga heiter Volue (tidligare Powel) Entreprenørportal. Løysinga er i bruk i mange kommunar rundt oss.For å få tilgang til portalen må ein oppretta ein eigen brukar i entreprenørportalen. Det kan du gjera ved å bruka denne registreringssida;Registrering i entreprenørportalDersom du har brukt løysinga i andre kommunar kan du bruka same innlogging. Du må då be om tilgang til Bømlo Vatn og Avløp. Inne i portalen kan ein oppretta fleire brukarar i same bedrift.I entreprenørportalen kan du søkja om ny tilknyting, gjera endringar eller reparasjonar av private vatn- og avlaupsnett som er tilknytt eller skal tilknytas det offentlege nettet.Du kan også søkja om gravemelding, samt søkja om ferdigmelding når arbeidet er utført.Røyrleggjar skal bruka løysinga til innvendige arbeid for registrering av utstyr og tidspunkt for driftssetting av anlegget.Inne i entreprenørportalen får du tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker. Søknad skal godkjennast av BVA før arbeid vert sett i gong. Ein kan enkelt følgja med korleis det går med saka og senda ferdigmelding når saka er ferdig.Skjema for gravemelding og førehandsmelding som før har vore nytta utgår etter 01.11.21. Slik blir du vanlegvis tilknytt til offentleg leidning: Søknad via byggjefirma ved oppføring av ny bustad, naust, fritidsbustad etc. Søknad via røyrleggjar/entreprenør dersom du får pålegg om tilknyting. Søknad via røyrleggjar/entreprenør ved rehabilitering av eigedom.Tilknytingsgebyret er ein eingongssum som du må betala for å kopla den aktuelle bygningen til den kommunale leidningen. Det same gjeld dersom du blir pålagt å kopla deg til leidningsnettet.Tilknytingsavgifta (PDF, 211 kB) Sist endra 06.12.2023 13:29