Drikkevatn og vasskvalitet

Kokevarsel

Drikkevatnet i vår kommune har god kvalitet og er trygt å drikka. BVA AS vil senda deg varsel via telefon/sms ved hendingar som medfører endring i drikkevasskvaliteten.

BVA har eiga informasjonsside om varsling. Der kan du også melda deg på varslingstjenesta.

Dette bør du gjera når du får kokevarsel

Vasskvalitet

Bømlavatnet ligg i hardhetsklasse "Bløtt vatn" med 15-35 milligram kalsium per liter (mg Ca/l).

Hardt vatn inneheld mykje kalsium og kan gje eit grå-kvit belegg på glas, kaffitraktar, vaskemaskin og oppvaskemaskin. 

BVA har meir informasjon her

Privat vasskjelde

Alle private vassforsyningar som forsyner meir enn ein bustad skal registrerast hjå Mattilsynet. Brønnborar er i tillegg lovpålagt å registrera brønnen til NGU (Norges geologiske undersøkelse)

Offentleg drikkevatn

Dersom du skal kopla deg på det offentlege vassledningsnettet kan du ta kontakt med Bømlo Vatn og Avløpsselskap (BVA AS). Dei har ansvar for vassforsyninga i vår kommune.

Til toppen