Gravemelding

For å unngå skade på kablar, leidningar og røyr i grunnen må du vita kvar dei er plassert før du set spaden i jorda.

Ei gravemelding er ein førespurnad som du må senda til dei ulike netteigarane som har leidningar i området, for å finna ut om gravearbeida dine kjem i konflikt med nedgravde leidningar. Netteigar vil i så fall påvisa leidningane deira for deg slik at du unngår skade på desse.

NB! Gravemelding er ikkje det same som ein gravesøknad til bygningsmynde i kommunen. 

Bømlo Vatn og Avløp har frå 1.11.21 teke i bruk ei ny elektronisk løysing for alle entreprenørar som skal gjera arbeid som kan påverka det offentlege vass-/avlaupsnettet. Den elektroniske løysinga heiter Volue (tidligare Powel) Entreprenørportal. Tidlegare skjema for førehandsmelding og gravemelding går ut.

For å få tilgang til portalen må du oppretta ein eigen brukar i entreprenørportalen. Det kan du gjera ved å registrera deg på følgjande registeringsside: 

Registrering i entreprenørportal

Dersom du har brukt løysinga i andre kommunar kan du bruka same innlogging. Du må då be om tilgang til Bømlo Vatn og Avløp. Inne i portalen kan ein oppretta fleire brukarar i same bedrift.

Portalen kan brukast til:

  • ny tilknyting
  • endring/reparasjon av privat vatn-/avlaupsnett som er - eller skal - tilkoplast det offentlege nettet
  • gravemelding
  • ferdigmelding

Private kundar som skal grava:

Private kundar som har  ‘’ikkje søknadspliktig tiltak’’ på eigen eigedom har ansvar for å sjekka leidningar i grunnen. Private kundar som skal grava på eigen eigedom, kan ta kontakt med BVA på telefon 53 42 88 40 eller e-post: post@bva.no

Gravemelding til Finnås Kraftlag Nett AS

Meir informasjon om eventuelt andre leidningseigarar hjå Geomatikk

Til toppen