Vanlegvis er det kommunen som søkjer om utslepp etter kapittel i forureiningsforskrifta. Partslag kan i nokre tilfelle søkja om løyve, men då må kommunen har godteke at partslaget eig det aktuelle avlaupsanlegget.
Det er nøytralt fagkyndig firma som må utarbeida og senda inn søknad om utsleppsløyve. Nabovarsel for avlaupsanlegg har fire vekers svarfrist. Søknad om utsleppsløyve har inntil seks veker saksbehandlingstid.
Rettleiing til å søkja utslepp frå større avlauspanlegg (PDF, 397 kB)
Søknaden må minimum innehalda:
- Den ansvarlege sitt namn og adresse
- Opplysningar om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med standardkrav i kapittel 13, eller om det skal søkjast om å fråvika desse krava
- Dokumentasjon på korleis utsleppet skal etablerast og driftast
- Plassering av reinseanlegget og utsleppsstaden på kart i målestokk 1:5000 eller større
- Utsleppet sin storleik i pe. Eitt hus er 5 pe. På felles reinseanlegg over 50 pe skal pe utreknast etter NS9426
- Skildring av utsleppsstaden, korleis det blir utført og djupne
- Interesser som ein reknar med vert råka av etableringa, slik som interesser knytta til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
- Oversikt over kven som er nabovarsla og kvittering for at varsel er sendt
- Samtykke frå planavdelinga i kommunen dersom utsleppet er i strid med vedtekne arealplanar etter plan- og bygningslova
- Kopi av eventuelle uttaler