Trafikksikringsplan 2020-2024
Trafikksikringsplanen inneheldt oversikt over ulykkesbiletet 2015-19, satsingsområde, økonomi, organisatoriske og fysiske tiltak. Dei prioriterte tiltaka og innspel i perioden blir følgde opp gjennom fire møter i året i kommuneadministrasjonen. Utval for areal og samferdsle får ei årleg meldingssak med status for tiltak og prioriteringar.
Trafikksikringsplanen 2020-2024 (PDF, 3 MB)
Meldingssak til utval for areal og samferdsle om oppfølging av trafikksikringsplanen (april 2021) (PDF, 296 kB)
Meldingssak til utval for areal og samferdsle om trafikksikringsarbeidet (januar 2023) (PDF, 4 MB)
Fysiske tiltak
Bømlo kommune har fylkeskommunale, kommunale og private vegar.
Bømlo kommune si side om offentlege vegar i Bømlo
Det er trafikksikringsplanen som er grunnlag for prioritering av tiltak. Trafikksikringsplanen skal reviderast i 2023-2024. I samband med dette arbeidet vil innbyggjarar, næringsliv og andre bli invitert til å komma med innspel om trafikksikringstiltak. Dersom du har innspel som hastar, send e-post til postmottak@bomlo.kommune.no og merk med trafikksikringstiltak.
Skulevegar og snarvegar i Bømlo kommune
Skulevegen er eit offentleg ansvar. Bømlo sine skulevegar er, til liks som norske skulevegar generelt forskjellige, både når det gjeld standard, breidde, oversiktelegheit og mengd trafikkantar.
Fagnotat skulevegar og snarvegar (DOCX, 2 MB)
Med fagnotat om skulevegar og snarvegar i Bømlo kommune ønskjer me å få ei felles forståing for omgrep, prosessar og status knytt til skulevegar og snarvegar i Bømlo kommune. Fagnotatet vil også inngå som kunnskapsgrunnlag til temaplan for trafikksikring og mobilitet for Bømlo kommune og er grunnlag for svar og sakshandsaming på området.
Døme på prosess for samarbeidsprosjekt
I mange tilfelle vil grendautval, velforeiningar og andre lag og organisasjonar vera viktige pådrivarar, prosjekteigarar og/eller samarbeidspartnarar i utvikling og forbetring av snarvegar. Her er eit døme på korleis denne prosessen kan gjennomførast:
Dersom tiltaket skal gjennomførast av lag eller organisasjon: Ta kontakt med kommunen sin kontaktperson for lag og organisasjonar. Bømlo kommune vil då kunne gi deg ein kontaktperson som de kan få råd om prosessen frå.
I oppstartsfasen er det lurt å laga ei skisse som viser formålet, kvar prosjektet er og kven som vil vera interessentar.
Kva
Innleiingsvis er det lurt å definera kva som er formålet med prosjektet. Døme på formål er trafikksikring, aktivitetsfremjande møte- og leikeplass eller utvikling av friluftsområde.
Kvar
For mange prosjekt er det kjent kvar ein vil gjennomføra prosjektet, medan det i andre tilfelle kan vera fleire aktuelle plasseringar.
- Gjennom https://kommunekart.com/klient/Fonnakart/ får ein fram gards- og bruksnummer gjennom å aktivere kartlaget «eiendom»
- Via https://www.arealplaner.no/4613/arealplaner/ får ein fram gjeldande reguleringsplan
- Ved å logga inn med MinID/BankID kan ein finna namn på grunneigar i grunnbok på www.seeiendom.no.
Kven
Det er lurt å tenkja gjennom kven som vil vera interesserte i prosjektet fordi dei til dømes vil delta/bruka, kan vera naudsynte å samarbeida med eller som kan ha motstridande interesser.
Det er viktig med skriftleg avtale med alle grunneigarar før ein startar arbeidet med tiltaket
- Dersom kommunal eigedom: Ta kontakt med kommunen (postmottak@bomlo.kommune.no) for dialog om avtale om tiltak på kommunal grunn.
- Dersom privat grunn: Ta kontakt med grunneigar for å laga avtale.
Meld inn formål, høgde, breidde, lengde og plassering til Bømlo kommune. De vil då få ei tilbakemelding om det er naudsynt å søkja eller melde om tiltaket
- Kva kan me gjera sjølve?
- Kven kjenner me som kan bidra?
- Kva må me ha hjelp til?
Haldningsskapande tiltak
I tråd med trafikksikringsplanen har Bømlo kommune ansvar for ei rekkje haldningsskapande tiltak:
Trafikksikker kommune
Trygg Trafikk har utarbeidd kriterium for ein trafikksikker kommune. Bømlo kommune har sidan 2017 hatt status som trafikksikker kommune, og vart i 2023 regodkjent for 2023-2025. Dette inneber at kommunen jobbar systematisk, heilskapleg og kvalitetsbevisst med trafikksikring.